Hopp til innhald

Phil Lynott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phil Lynott

Lynott på scenen i 1980
Fødd20. august 1949(1949-08-20)
FødestadWest Bromwich i Staffordshire i England
Død4. januar 1986 (36 år)
DødsstadSalisbury i Wiltshire i England
FødenamnPhilip Parris Lynott
AliasThe Ace with the Bass[1]
OpphavDublin, Ireland
Aktiv1965–1985
SjangerRock, hardrock, bluesrock, heavy metal, keltisk rock
InstrumentVokal, bassgitar, gitar
Tilknytte artistarThin Lizzy, Grand Slam, The Greedies, Skid Row, The Crowd
PlateselskapVertigo, Mercury, Warner Bros.
Verka somMusikar, songar, låtskrivar, produsent, diktar
MorPhilomena Lynott
PrisarMOJO Awards

Philip Parris Lynott (20. august 19494. januar 1986) var ein irsk songar, bassist og låtskrivar. Hans mest kommersielt vellykka gruppe var Thin Lizzy, der han var ein av grunnleggjarane, hovudlåtskrivar, solovokalist og bassist. Han var kjend for sin særeigne plektrum-baserte stil på bassen og for dei fantasifulle lyriske bidraga sine, inkludert arbeidarklasse-forteljingar og mange karakterar henta frå personlege hendingar og keltisk kultur.

Lynott vart fødd i West Midlands i England, men voks opp i Dublin hos besteforeldra. Han heldt seg nær mor si, Philomena, gjennom heile livet. Han fronta fleire band som solovokalist, mellom anna Skid Row saman med Gary Moore, før han lærte seg bassgitar og danna Thin Lizzy i 1969. Etter innleiande suksess med «Whiskey in the Jar», hadde bandet fleire hittar på midten av 1970-talet, som «The Boys Are Back in Town», «Jailbreak» og «Waiting for an Alibi», og vart eit populært konsertband som kombinerte vokal- og låtskrivarferdigheitene til Lynott med doble sologitarar. Mot slutten av 1970-talet starta Lynott ein solokarriere og gav ut to diktsamlingar. Etter at Thin Lizzy vart oppløyst, sette han saman og fronta bandet Grand Slam.

På 1980-talet fekk Lynott i aukande grad problem med narkotika, særleg ein avhengnad av heroin. I 1985 hadde han ein siste hit med Moore, «Out in the Fields», etterfølgd av den mindre hitten «Nineteen», før han døydde i 1986. Han er framleis ein populær person i rockeverda, og i 2005 vart det reist ein statue til minnet hans i Dublin.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Dato Tittel Type Britisk listeplassering
1980 Solo in Soho Studio 28[2]
1982 The Philip Lynott Album Studio
2001 Live in Sweden 1983 Live
2006 The Lost Recordings EP [3]
2010 Yellow Pearl Samlealbum

Albums med Thin Lizzy

[endre | endre wikiteksten]
Date Title UK Chart
1971 Thin Lizzy
1972 Shades of a Blue Orphanage
1973 Vagabonds of the Western World
1974 Nightlife
1975 Fighting 60
1976 Jailbreak 10
1976 Johnny the Fox 11
1977 Bad Reputation 4
1978 Live and Dangerous 2
1979 Black Rose: A Rock Legend 2
1980 Chinatown 7
1981 Renegade 38
1983 Thunder and Lightning 4
Dato Tittel Album Britisk listeplassering AUS Chart[4]
1979 «Parisienne Walkways» / «Fanatical Fascists» (Gary Moore & Phil Lynott) Back on the Streets 8[5]
«Spanish Guitar» (Gary Moore & Phil Lynott)
1980 «Dear Miss Lonely Hearts» Solo in Soho 32[6]
«King's Call» 35[7] 82
1981 «Yellow Pearl» (Top of the Pops-tema) 14[8]
1982 «Together» The Philip Lynott Album
«Old Town»
1985 «Out in the Fields» / «Military Man» / «Still in Love with You» (Gary Moore & Phil Lynott) Run for Cover 5[9] 62
«Nineteen» Singel utan album 76[10]
Date Title Projects Label Notes
1969 New Faces, Old Places/ Misdemeanour Dreams Felicity Skid Row Singel, appears på «New Faces, Old Places»
1973 A Tribute to Deep Purple Funky Junction
1978 Jeff Wayne's Musical Version of The War of the Worlds Jeff Wayne Columbia As Parson Nathaniel
1978 Back on the Streets Gary Moore MCA Appears på «Back on the Streets», «Don't Believe a Word», «Fanatical Fascists», «Parisienne Walkways» og «Spanish Guitar»
1982 «Please Don't Leave Me» John Sykes MCA Singel, features Thin Lizzy band members
1985 Run for Cover Gary Moore Virgin Appears på «Military Man», «Out in the Fields» og «Still in Love with You»
  1. «Thin Lizzy's Phil Lynott: The ace with the bass». NZ Herald (på engelsk). Henta 21. august 2022. 
  2. Byrne 2006, s. 161.
  3. «No Life 'til Metal - CD Gallery - Thin Lizzy». 
  4. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 183. ISBN 0-646-11917-6. 
  5. Byrne 2006, s. 122.
  6. Brooks 2000, s. 94.
  7. Bailie 1997, s. 156.
  8. Brooks 2000, s. 105.
  9. Putterford 1994, s. 280.
  10. Thomson 2016, s. 336.
  • Bailie, Stuart (1997). The Ballad of the Thin Man: The Authorised Biography of Phil Lynott & Thin Lizzy. Boxtree. ISBN 0-7522-0395-9. 
  • Brooks, Ken (2000). Phil Lynott & Thin Lizzy: Rockin' Vagabond. Agenda. ISBN 1-899882-21-9. 
  • Byrne, Alan (2006). Thin Lizzy. SAF Publishing. ISBN 978-0-946-71981-5. 
  • Byrne, Alan (2012). Philip Lynott: Renegade of Thin Lizzy. Mentor Books. ISBN 978-1-906-62388-3. 
  • Putterford, Mark (1994). Philip Lynott: The Rocker. Castle Communications. ISBN 1-898141-50-9. 
  • Thomson, Graeme (2016). Cowboy Song: The Authorised Biography of Philip Lynott. Hachette UK. ISBN 978-1-472-12106-6. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Phil Lynott