Hrodna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hrodna
Bykart over Grodno i 1575
Hrodnas plassering i Kviterussland

Hrodna, polsk: Grodno, er ein by i det vestlege Kviterussland ved elva Nemunas med i kring 353 000 ibuarar (2013). Byen, som er hovudstad i Hrodnas voblast, er i folketal den femste største i landet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Grodno er ein gammal litauisk by, grunnlagd i 1127. Under den store nordiske krigen kringsette ein svensk hær byen i 1706. Den polske riksdagen skreiv i 1793 under vedtaket om Polens andre deling i byen, og Polens siste konge, Stanislaus August, la ned krona den 25. november 1795.

Under det russiske imperiet var Grodno hovudstad i guvernementet Grodno med 46 919 ibuarar i år 1897. Byen høyrde til det jødiske busetjingsområdet i Tsar-Russland, omkring halvparten bybuarane var jødiske.

Frå 1921 til 1939 høyrde byen til den andre polske republikken. Under den polsk-sovjetiske krigen i 1939 vart Hrodna innlemma i sovjetrepublikken Kviterussland. Frå slutten av juni 1941 til juli 1944 var byen okkupert av tyske hærstyrkar, i desse åra vart dei aller fleste jødane send til dei tyske konsentrasjonsleirane. Periodane 1944-46 og 1955-59 vart ein majoritet av den polske folkesetnaden anten utvist eller flykta frå Hrdona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]