Human Nature av America

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Human Nature
Studioalbum av America
Utgjeve September 1998
Innspelt 1998
Studio Human Nature Studios, Sherman Oaks, California
Sjanger Softrock
Lengd 49:34
Selskap Oxygen
Produsent Gerry Beckley, Dewey Bunnell
America-kronologi 
Horse with No Name
(1995)
Human Nature Highway
(2000)


Human Nature er det 14. studioalbumet til den amerikanske folkrockduoen America, gjeve ut i 1998 på Oxygen Records. Det var deira første nye studioalbum sidan Hourglass frå 1994.

«From a Moving Train» vart gitt ut som den første singelen frå albumet. Han vart ein mindre hit i USA, og nådde 25. plass på Radio & Records Adult Contemporary Chart.[1] Singelen gjorde det betre i Europa, og nådde førsteplassen i Spania. «Wednesday Morning» og «Moment to Moment» vart gitt ut som oppfølgjarsinglar i Europa. «Wheels Are Turning» fekk òg ein del radiospeling i USA.

Carl Wilson (frå Beach Boys) og Robert Lamm (frå Chicago) medverkar på «Hidden Talent». Wilson døydde av kreft i februar 1998, før utgivinga av dette albumet.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide1/5 stars[3]

Allmusic gav ei positiv melding av albumet, og uttalte «... songane er jamt over godt laga og med mange knaggar, spesielt den svært stemningsfulle 'From a Moving Train' og den skranglete 'Wednesday Morning'.»[2] Likevel fekk albumet berre to av fem stjerner.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«From a Moving Train»Gerry Beckley3:42
2.«Wednesday Morning»Beckley3:45
3.«Town and Country»Dewey Bunnell, Beckley3:02
4.«Moment to Moment»Beckley, Phil Galdston4:57
5.«Hidden Talent»Beckley3:55
6.«Wheels Are Turning»Bunnell, Beckley4:34
7.«World Alone»Bunnell3:31
8.«Overwhelming World Suite: Overwhelming World/Come Back/Barstow»Beckley7:51
9.«Pages»Bunnell, Beckley3:52
10.«Hot Town»Bunnell3:43
11.«Whispering»Beckley3:27
12.«Oloololo»Bunnell, Beckley3:08

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Radio & Records AC 1998 Year-End Chart». www.popradiotop20.com. Henta 21. juli 2022. 
  2. 2,0 2,1 Human Nature av AmericaAllmusic
  3. Cross, Charles R. (2004). «America». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 16. ISBN 0-7432-0169-8.