Perspective av America
Perspective Studioalbum av America | ||
Utgjeve | 21. september 1984 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 38:38 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Matthew McCauley, Richie Zito, Richard James Burgess | |
America-kronologi | ||
---|---|---|
Your Move (1983) |
Perspective | In Concert (1985)
|
Perspective er det tolvte studioalbumet til den amerikanske folkrockduoen America, gjeve ut av Capitol Records den 21. september 1984.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Etter fleire år med mislykka album og singlar vende America tilbake til topp ti i 1982 med singelen «You Can Do Magic», skriven av Russ Ballard. I eit forsøk på å attskapa denne suksessen fekk America Ballard til å produsera albumet Your Move i 1983. Resultatet av dette samarbeidet vart likevel ikkje heilt vellykka, verken kunstnarisk eller kommersielt. På det neste albumet til America, Perspective, gjekk gruppa i ei radikalt anna retning.
Albumet, med tre ulike produsentar – Matthew McCauley, Richie Zito og Richard James Burgess - og ei rekkje prominente studiomusikarar, representerte inntoget til America i den synthesizer-ladde musikken som var populær på midten av 1980-talet, mellom anna med bruk av DMX-trommer. Bandmedlemmene Gerry Beckley og Dewey Bunnell var oppførte som leiande produsentar på prosjektet. Det nådde 185. plassen på Billboard si popalbumliste i november 1984 og var det siste America-albumet som i det heile nådde albumlista før The Complete Greatest Hits gjorde det i 2001. Det var det siste studioalbumet til America for Capitol Records, det siste studioalbumet i full lengd frå gruppa før Hourglass vart gitt ut i 1994, og det siste studioalbumet i gruppa på eit større selskap før Here & Now i 2007.
Perspective inneheld to mindre hitsinglar, «Special Girl» og «Can't Fall Asleep to a Lullabye». «Special Girl», med solovokal av Beckley, nådde 106. plassen på på Billboard Bubbling Under og 15. plassen på lista for vaksne i oktober 1984. «Can't Fall Asleep to a Lullaby» (feilstava som «Lullabye» på albumomslaget) har solovokal av Bunnell og korvokal av Steve Perry frå Journey. Denne nådde 26. plassen på Billboard-lista for vaksne i januar 1985. Perry gjengjelde tenesta ved å ha med Bunnell i ein kort cameo-opptreden i videoen til hitsinglen sin frå 1984, «Oh Sherrie».
Albumet inneheld også «Stereo», eit samarbeid mellom Beckley og låtskrivaren Jimmy Webb, og den reggae-påverka «Lady with a Bluebird», skrive nav Bunnell, Bill Mumy og Robert Haimer. Mumy og Haimer (kjent for Barnes & Barnes) delte òg låtskrivaroppføring på «(Can't Fall Asleep to A) Lullaby» med Bunnell og Perry. Timothy B. Schmit (frå Poco og Eagles) bidrog med korvokal på «Cinderella».
Perspective vart spelt inn og miksa på ei rekkje stader rundt Los Angeles, mellom anna i Amigo Studios i North Hollywood, Oasis Recording Studio i Universal City, United Western Studios i Hollywood og Larrabee Sound i West Hollywood.
Framsida av albumet viser Beckley og Bunnel ståande framfor 100 Wilshire, som ligg i krysset mellom Wilshire Boulevard og Ocean Avenue i Santa Monica i California. Albumet stod ferdig i 1971 og er den høgaste bygningen i Santa Monica.
Ein lengre versjon av «Can't Fall Asleep To A Lullaby» vart inkludert på Encore: More Greatest Hits, som kom ut i 1991. Opphavleg berre gitt ut på vinyl og kassett, vart Perspective først gitt ut i CD-format i USA av det no nedlagde One Way Records i 1998
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The Rolling Stone Album Guide | [2] |
AllMusic konkluderte med at «dei svake songane» på albumet og overdriven avhengnad av synthesizer ikkje gjer det til meir enn eit «elskverdig middelmåtig» periodeverk. Dei gav likevel eit nikk til «dei naturlege harmoniane til Gerry Beckley og Dewey Bunnell» og hevda at albumet i det minste er ei stor forbetring i forhold til forgjengaren, Your Move.[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «We Got All Night» | Sue Shifren, Terry Britten | 3:27 |
2. | «See How the Love Goes» | Shifren, Britten | 3:17 |
3. | «(Can't Fall Asleep to A) Lullaby» | Dewey Bunnell, Steve Perry, Bill Mumy, Robert Haimer | 3:46 |
4. | «Special Girl» | Eddie Schwartz, David Tyson | 3:47 |
5. | «5th Avenue» | Gerry Beckley | 3:47 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «(It's Like You) Never Left at All» | Randy Goodrum | 3:25 |
7. | «Stereo» | Beckley, Jimmy Webb | 3:21 |
8. | «Lady with a Bluebird» | Bunnell, Mumy, Haimer | 3:07 |
9. | «Cinderella» | Jennifer Kimball, David Vidal | 3:57 |
10. | «Unconditional Love» | Beckley | 3:08 |
11. | «Fallin' Off the World» | Bunnell, Mumy | 3:30 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]America
- Dewey Bunnell – solovokal, korvokal (2-5, 9)
- Gerry Beckley– solovokal, korvokal (1-10)
med:
- Michael Boddicker – synthesizer (1, 5), synthesizer-arrangement (5)
- Paul Fox – synthesizer (1)
- Arthur Barrow – klaverinstrument (2, 4), bass (2, 4, 9), gitar (9)
- Bill Elliott – synthesizer (3, 7, 8), kubbetrmome (8), akustisk piano (10)
- Randy Kerber – synthesizer (3, 6)
- Matthew McCauley –synthesizer (3, 6, 10, 11), Oberheim DMX (3, 6, 7, 8, 10, 11), synth bass (11)
- Craig Huxley – synthesizer (5)
- James Newton Howard – synthesizer (6)
- Gary Chang – Fairlight-programmering (9)
- Paul Jackson Jr. – gitar (1, 5)
- Richie Zito – gitar (2, 4, 9), trommeprogrammering (2, 4, 9)
- Dean Parks – gitar (3, 6, 8, 10), bass (3, 6)
- Michael Landau – gitar (7, 8, 11), gitar solo (11)
- Marty Walsh – gitar (11)
- Nathan East – bass (1, 5, 8)
- Richard James Burgess – tromme- og perkusjonsprogrammering (1, 5), rytme- og synthesizerarrangement (1, 5)
- Marcus Ryle – Oberheim DMX (6, 7, 8, 10, 11), synthesizer (7, 10, 11), synth bass (7, 10)
- Paulinho da Costa – perkusjon (1, 5, 6, 8)
- David Kemper – perkusjon (3, 6, 7, 8, 11)
- Phil Kenzie – saksofonsolo (3)
- Steve Perry – korvokal (3)
- Timothy B. Schmit – korvokal (9)
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Richard James Burgess – produsent (1, 5)
- Richie Zito – produsent (2, 4, 9)
- Matthew McCauley – produsent (3, 6, 7, 8, 10, 11)
- America – leiande produsentar
- Brian Reeves – lydteknikar
- Mark Linett – innspeling, miksing
- Bob Schaper – ekstra innspeling
- Sabrina Buchanek – assisterande lydteknikar
- David Glover – assisterande lydteknikar
- Roy Kohara – kunstnarisk leiar
- Koji Takei – design
- Phil Fewsmith – fotografi
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Perspective (America album)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Perspective av America på Allmusic
- ↑ Cross, Charles R. (2004). «America». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 16. ISBN 0-7432-0169-8.