Hopp til innhald

A Horse with No Name

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Horse with No Name
Singel av America
frå albumet America
B-side
  • «Everyone I Meet Is from California»
  • «Sandman»
Språk engelsk
Utgjeve
  • 12. november 1971 (Storbritannia)
  • 12. januar 1972 (USA)
Innspelt 1971
Studio Morgan Studios i London
Sjanger
Lengd 4:08
Selskap Warner Bros.
Komponist Dewey Bunnell
Tekstforfattar Dewey Bunnell
Låtskrivar(ar) Dewey Bunnell
Produsent Ian Samwell
America-kronologi 
A Horse with No Name «I Need You»
(1972)


«A Horse with No Name» er ein song av det amerikanske folkrockbandet America, skriven av Dewey Bunnell. Det var den første og mest suksessrike singelen deira, gjeve ut i slutten av 1971 i Europa og byrjinga av 1972 i USA, og han toppa hitlistene i Canada, Finland og USA.[5] Singelen selde til gullplate i USA.[6]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Det sjølvtitulerte debutalbumet til America vart først gitt ut i Europa, utan «A Horse with No Name», og oppnådde berre moderat suksess. Opphavleg vart han kalla «Desert Song», og vart skriven medan bandet budde heime hos studiomusikaren Arthur Brown, nær Puddletown i Dorset i England.[7] Dei to første demoane vart spelt inn der av Jeff Dexter og Dennis Elliott, og var meint å fanga kjensla av den varme, tørre ørkenen som hadde vorte avbilda i eit måleri av Salvador Dalí, og i eit bilete av M.C. Escher med ein hest. Forfattaren Dewey Bunnell seier òg at han hugsa reisene gjennom Arizona- og New Mexico-ørkenen i barndommen då familien hans budde på Vandenberg Air Force Base.[8] Bunnell har forklart at «A Horse with No Name» var «ein metafor for eit køyretøy for å komma vekk frå forvirringa i livet til ein stille, fredeleg stad».

I eit forsøk på å finna ein song som ville vera populær i både USA og Europa, var Warner Brothers motvillige til å gi ut balladen «I Need You» av Gerry Beckley som den første singelen frå America. Plateselskapet spurde bandet om dei hadde noko anna materiale, og sørgde for at America spelte inn fire songar til i Morgan Studios i Willesden i London.[9] «A Horse with No Name» vart gitt ut som den utvalde songen på ein tre-spors singel i Storbritannia, Irland, Frankrike, Italia og Nederland i slutten av 1971. På utgivinga delte «A Horse with No Name» A-sida med «Everyone I Meet Is from California». «Sandman» var på B-sida. Den amerikanske to-spors utgivinga tidleg i 1972 inkluderte likevel ikkje «Sandman», med «Everyone I Meet Is from California» på B-sida.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«A Horse with No Name» vart spelt inn i e-moll med akustisk gitar, bassgitar, trommesett og bongotrommer. Den einaste andre akkorden er ein D, gripen på dei djupe E- og G-strengene på andre band. Ein 12-strengsgitar speler ein ekstra F♯ (andre band, høg E-streng) på baktakten av Em. Eit kjent trekk i songen er den drivande basslinja med ein hammar-knagg i kvart refreng. Ein «fossefall»-aktig solo fullfører arrangementet.[10] Ian Samwell var produsent på dagen for den endelege innspelinga i Morgan Studios, då gruppa først syntest han var for banal og trong litt overtaling for å faktisk spela han. Gerry Beckley har forklart i magasinet Acoustic Guitar (mars 2007) at den korrekte stemminga for gitaren er D E D G B D, lågt til høgt. Akkordmønsteret som blir gjenteke gjennom heile songen er: 202002 (Em), deretter 020202 og 000202.[11] Stemminga er unik for denne songen; dei brukte han ikkje på nokon annan America-song.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om songen vart forboden av nokre amerikanske radiostasjonar på grunn av antekne narkotikareferansar til heroinbruk («horse» er eit vanleg slanguttrykk for heroin),[12] klatra songen heilt til toppen av den amerikanske Billboard Hot 100, og albumet nådde raskt platinaplate. Songen nådde tidlegare hitlistene i Irland (nummer 4), Nederland (nummer 11) og Storbritannia (nummer 3, den einaste topp 40-hiten deira i landet)[13] enn han gjorde i USA.

Likskapen mellom songen og noko av musikken til Neil Young vekte ein viss kontrovers. Til dømes skildra Cash Box i meldinga si av «A Horse with No Name» America som «CSN&Y-etterlikningar.»[14] «Eg veit at praktisk talt alle, ved første gongs høyrsel, gjekk ut frå at det var Neil», sa Bunnell. «Eg la aldri heilt skjul på at eg var inspirert av han. Eg trur det er i strukturen av songen like mykje som i tonen i stemma hans. Det gjorde litt vondt, fordi me fekk nokre ganske dårlege tilbakeslag. Eg har alltid tilskrive det meir til at folk vernar sine eigne heltar meir enn å angripa meg.» Ved eit slumpetreff var det «A Horse with No Name» som erstatta Young sin «Heart of Gold» på førsteplassen på den amerikanske poplista.[15]

Singelen oppnådde eit sal på over 50 000 eksemplar i Australia, noko som kvalifiserte til tildeling av ei gullplate.[16]

Songen har fått kritikk for teksten, mellom anna «The heat was hot»; «There were plants, and birds, and rocks, and things»; og «'Cause there ain't no one for to give you no pain.»[17] Ifølgje ein anekdote frå Robert Christgau avviste Randy Newman «A Horse With No Name» som ein «song om ein gut som trur han har teke syre».[18][19]

Penn Jillette spurde bandet om tekstlinja «there were plants, and birds, and rocks, and things» etter ein konsert i Atlantic City, der America opna for Penn & Teller. Ifølgje Jillette var forklaringa på teksten at dei var rusa på cannabis medan dei skreiv han.[20] I eit intervju i 2012 avviste Beckley historia til Jillette og sa: «Eg trur ikkje Dew var steina.»[21]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

(I følgje plateomslaget til America frå 1972.)

America

Studiomusikarar

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I ein episoden av BuJack Horseman frå sesong 4, «The Old Sugarman Place», køyrer tittelkarakteren gjennom ørkenen til Patrick Carney og Michelle Branch si tolking av songen. Denne versjonen finst òg på soundtrack-albumet til serien.[22]

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

I Breaking Bad-episoden «Caballo sin Nombre» byrjar episoden med at Walter White køyrer gjennom ørkenen i New Mexico medan han lyttar til songen.

Songen blir vist både på den fiktive radiostasjonen «K-DST» i spelet og på det offisielle CD-lydsporet[23] til Rockstar Games-videospelet Grand Theft Auto: San Andreas frå 2004.

Musikalske referansar[endre | endre wikiteksten]

Michael Jackson songen «A Place with No Name» vart gitt ut posthumt av TMZ som ein 25 sekunds snutt den 16. juli 2009. Snutten liknar mykje på «A Horse with No Name». Jim Morey, både Jackson og America sin tidlegare bandmanager, har uttalt at «America var stolte over at Michael valde å gjera songen deira, og dei håpar han blir tilgjengeleg for alle Michael sine fans å høyra.»[24] Songen vart ommastra og gitt ut i sin heilskap saman med den originale Michael Jackson-innspelinga på Jackson-albumet frå 2014, Xscape.

Songen vart sampla av Milo i songen hans «Geometry and Theology» frå albumet Cavalcade, der kvar song samplar ein song av America.[25]

Songen er nemnt i Tin Machine-songen «Stateside» frå 1991 på albumet Tin Machine II.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971–1972) Plassering
Australia (Kent Music Report) 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[26] 29
Canada (RPM) Top Singles[27] 1
Canada (RPM) Adult Contemporary[28] 12
Frankrike (SNEP)[29] 17
Finland (Suomen virallinen lista)[30] 1
Irland (IRMA)[31] 4
Nederland (Mega Single Top 100)[32] 12
Russland 3
New Zealand (Listener)[33] 5
Spania (PROMUSICAE)[34] 27
UK Singles (Official Charts Company)[35] 3
US Billboard Hot 100[36] 1
US Easy Listening (Billboard)[37] 3
US Cash Box Top 100[38] 1
US Record World Singles Chart [38] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[39] 27

Gjennom alle tidene[endre | endre wikiteksten]

Liste (1958–2018) Plassering
US Billboard Hot 100[40] 549

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[41] Gull 25 000*
Storbritannia (BPI)[42] Platina 600 000^
USA (RIAA)[43] Gull 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Micchelli, Thomas (9. mars 2019). «Painting Paradoxes of Family, Race, and Prison». Hyperallergic. Henta 16. juni 2019. 
  2. 2,0 2,1 Goldsmith, Melissa Ursula Dawn (2019). Listen to Classic Rock! Exploring a Musical Genre. ABC-CLIO. s. 88. ISBN 978-1440865787. 
  3. «200 Greatest Soft Rock Songs». Entertainment.expertscolumn.com. Henta 16. april 2023. 
  4. «VH1's 40 Most Softsational Soft-Rock Songs». Stereogum. SpinMedia. 31. mai 2007. Henta 31. juli 2016. 
  5. «A Horse with No Name» USA chart history, Billboard.com. Henta 16. april 2023.
  6. RIAA. «RIAA Gold & Platinum Database». Recording Industry Association of America. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 16. april 2023. 
  7. Nick Churchill. «Decadence and depravity...with added cheese - Dorset Life - The Dorset Magazine». Dorsetlife. co.uk. Henta 16. april 2023. 
  8. «Highway Highlight (fra boksettets hefte)». Arkivert frå originalen 2. juni 2008. Henta 20. juni 2008. 
  9. Rosen, Craig (30. september 1996). The Billboard book of number one albums: the inside story behind pop music's blockbuster records. Billboard Books. 
  10. Hodge, David (13. januar 2012). «A Horse With No Name by America - Adding Some Personal Touches». Guitarnoise. com. Henta 16. april 2023. 
  11. «Horse With No Name Guitar Lesson | Strumming Pattern & Chords». Guitarcoachmag.com. 16. september 2013. Henta 16. april 2023. 
  12. «Liner notes, Highway Highlight». Arkivert frå originalen 15. juni 2006. Henta 16. april 2023. 
  13. «America singles charts history». Official Charts. The Official Charts Company. Henta 18. februar 2015. )
  14. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 5. februar 1971. s. 22. Henta 11. desember 2021. 
  15. «Billboard Hot 100 - Week of 25. mars 1972». Billboard.com. 
  16. Book, Chart (6. april 2018). The Go Set Chart Book, Australia's First National Charts. s. 9. ISBN 978-1-387-71246-5. 
  17. John Mendelsohn (1972). «Rolling Stone Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. oktober 2007. Henta 16. april 2023. 
  18. Christau, Robert (16. april 1972). «America's Imitation Worse Than Young's». Newsday – via RobertChristgau.com. 
  19. Christgau, Robert (1981). Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. s. 29. ISBN 0-89919-026-X – via the Internet Archive. 
  20. Jillette, Penn. (2012). Gilbert Gottfried Igjen! (Episode 14, 21.05.2012). Penn's Sunday School. Ace Broadcasting Network.
  21. «Q&A With America Singer Gerry Beckley». Patch.com. 19. desember 2012. 
  22. «Hear Patrick Carney, Michelle Branch's New Song for 'BoJack Horseman'». Rolling Stone. 28. august 2017. 
  23. «Grand Theft Auto: San Andreas [Box Set] - Original Game Soundtrack | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». Allmusic.com (på norsk). Henta 17. november 2021. 
  24. «Place with No Name sounds like Horse with No Name». news.com. au. 17. juli 2009. Henta 16. april 2023. 
  25. Breihan, Tom (22. februar 2019). «The Number Ones: America's «A Horse With No Name»». Stereogum. Henta 16. april 2023. 
  26. "Ultratop.be – America – A Horse With No Name" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  27. «RPM100 Singles» (PDF). RPM. 6. mai 1972. Henta 16. april 2023. 
  28. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 6. mai 1972. Henta 16. april 2023. 
  29. "Lescharts.com – America – A Horse With No Name" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  30. «none». Billboard: 53. 7. oktober 1972. 
  31. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. 
  32. "Dutchcharts.nl – America – A Horse With No Name" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  33. Flavour of New Zealand, 27. mars 1972
  34. "Spanishcharts.com – America – A Horse With No Name" Canciones Top 50. Hung Medien.
  35. "Chart Stats – America – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  36. "America Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for America. Prometheus Global Media.
  37. «America Chart History (Easy Listening)». Billboard. 
  38. 38,0 38,1 Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book Billboard/Cash Box/Record World 1954-1982. Sheridan Books. s. 15. ISBN 978-0-89820-213-7. 
  39. Musicoutfitters.com
  40. «Billboard Hot 100 60th Anniversary Interactive Chart». Billboard. Henta 16. april 2023. 
  41. «Italian single salstrofé – America – A Horse with No Name» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter America in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  42. «British single salstrofé – America – A Horse with No Name». British Phonographic Industry.  Enter A Horse with No Name in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  43. «American single salstrofé – America – A Horse with No Name». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH