Humphry Davy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Humphry Davy
Sir Humphry Davy, Bt by Thomas Phillips.jpg
Fødd17. desember 1778
Penzance
Død29. mai 1829
Genève
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Områdekjemi, fysikk, geologi
Yrkekjemikar, oppfinnar, fysikar, geolog, fotograf, lyrikar, skribent
InstitusjonarRoyal Society
Alma materTruro Cathedral School
EktefelleJane Davy
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
American Academy of Arts and Sciences
Zoological Society of London
Towarzystwo Warszawskie Przyjaciół Nauk
Royal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Institut de France
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Det bayerske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet

Sir Humphry Davy (17. desember 177829. mai 1829) var ein kjemikar og fysikar frå Storbritannia. Han var fødd i Penzance i Cornwall. Davy er rekna som oppdagaren av grunnstoffa natrium, kalium, kalsium, magnesium og strontium, som han isolerte ved bruk av elektrisitet.[1]

I 1799 eksperimenterte Davy med dinitrogenoksid (lystgass), og fann at gassen fekk han til å le. Han gav gassen kallenamnet laughing gas, og skreiv at det var mogleg han kunne brukast til anestesi under smertefulle operasjonar.[2]

I 1815 konstruerte Davy ein tryggleikslampe til bruk i gruvegangar. Denne besto av ein open flamme omgjeven av eit finmaska koparnett som leia bort varme, slik at blandinga av gruvegass og luft ikkje blei tilstrekkeleg oppvarma til å danna eksplosjonar. Davy utvikla også ein tidleg bogelampe, den fyrste praktiske elektriske lampen.[3][4]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Knight (2004) "Davy, Sir Humphry, baronet (1778–1829)" i Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press
  2. Hardman, Jonathan G. (2017). Oxford Textbook of Anaesthesia. Oxford University Press. s. 529. 
  3. Whelan, M. (2013). «Arc Lamps». Resources. Edison Tech Center. Arkivert frå originalen 10. november 2014. Henta 22. november 2014. 
  4. Sussman, Herbert L. (2009). Victorian Technology: Invention, Innovation, and the Rise of the Machine. ABC-CLIO. s. 124. ISBN 9780275991692. 
Spire Denne fysikkartikkelen som har med kjemi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.