Hopp til innhald

Hundorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hundorp
tettstad
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Sør-Fron
Areal 0,84 km²
Folketal 584 (2024)
Folketettleik 695 / km²
Postnummer 2647 SØR-FRON
Kart
Hundorp
61°33′19″N 9°56′27″E / 61.55527°N 9.94072°E / 61.55527; 9.94072
Wikimedia Commons: Hundorp

Hundorp er ein tettstad i Sør-Fron kommune i Innlandet fylke. Staden er kommunesenter i Sør-Fron og har 584 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Hundorp ligg i Gudbrandsdalen der han er breiast, og var eit viktig senter for religion og politikk både i jernalder og norrøn tid. Dale-Gudbrand, som blir skildra av Snorre som ein mektig herse, heldt til her. I dag blir han minna gjennom Dale-Gudbrands gard.

Kong Olav talar til bøndene på tinget ved Hundorp. Teikning av Halfdan Egedius til Heimskringla
Sør-Fron kyrkje på Hundorp.

Dale-Gudbrands gard på Hundorp blei peika ut som tusenårsstad for Oppland fylke.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]