Hundvikfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°52′20.420″N 5°51′8.2080″E

Hundvikfjorden sett frå Anda

Hundvikfjorden er ein delfjord av Nordfjord langs kommunegrensa mellom Eid og Gloppen i Sogn og Fjordane. Fjordstykket strekker seg 14 km frå vest til aust og har to sidefjordar, Hyefjorden og Gloppefjorden.

Fjorden har innløp i vest mellom Krokeneset i nord og Øksneelvane kraftverk i sør. Denne sørlege delen av fjorden høyrer til Bremanger kommune. Det er stort sett berre eit fåtal spreidde, isolerte gardar ved fjordsidene, men på nordsida av fjorden ligg Hundvika, som har vegsamband nordover. Mellom innløpa til Hyefjorden og Gloppefjorden ligg Hestenesøyra langs Rv615.

Fjorden er omgjeve av høge fjell, særleg på sørsida der Skjerdingane stig til 1276 meter over havet. Sør for Skjerdingane ligg Gjeghalundsbreen og fjelltoppen Blånibba (1670 moh). På nordsida av fjorden ligg Hornet (719 moh) og Trollnykkjen (899 moh).

Fjorden endar i vest mellom Anda i sør og Lote på nordsida. Mellom desse stadane er det ferjesamband, som er ein del av E39.