Hopp til innhald

Gloppefjorden

61°48′9.5832″N 6°6′42.595″E / 61.802662000°N 6.11183194°E / 61.802662000; 6.11183194

Gloppefjorden
fjord
Sandane inst i Gloppefjorden.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gloppen
Kart
Gloppefjorden
61°48′10″N 6°06′42″E / 61.8027°N 6.1116°E / 61.8027; 6.1116
Wikimedia Commons: Gloppefjorden

Gloppefjorden eller Gloppenfjorden er ein fjordarm av Hundvikfjorden og Nordfjord i Gloppen kommune i Vestland. Fjorden strekkjer seg 12 km søraustover til kommunesenteret Sandane inst i fjorden.

Cruiseskip inst i Gloppefjorden, like utanfor Sandane.

Fjorden har innløp mellom Kviteneset aust for Hestnesøyra i vest og Anda i aust. Frå Anda går det ferje nordover til Lote på nordsida av Nordfjord og over innløpet til Utvikfjorden. Fjorden er busett på begge sider, men særleg på austsida. Like sør for innløpet ligg Sandane lufthamn på austsida. Bygda Vereide ligg om lag halvvegs inn i fjorden på austsida, medan Sørstranda ligg lenger inn på vestsida. Andre stader langs fjorden er Hjelmeset, Apalset, Gloppestad, Ytre Hauge, Devik og Gimmerstad.

E39 går langs austsida av fjorden, medan Rv615 går langs vestsida.

Fjorden får tilført mykje ferskvatn frå omliggande vassdrag, der lakseelva Storelva frå Breimsvatnet er den største. 1 km sør for Sandane ligg Fitjesanden, ei badestrand ved Sandane Camping. Her ligg òg Selvågane, eit våtmarksområde med ein holme. Dette er eit freda sjøfuglreservat for fleire arter sjøfugl.