Hybridbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toyota Prius er ein hybrid

Ein hybridbil er ein bil som er utstyrt med både forbrenningsmotor og elektrisk motor. Forbrenningsmotoren er som regel ein bensin- eller dieselmotor. Den elektriske motoren blir driven av batteri som blir ladde når forbrenningsmotoren er i drift, eller når bilen bremsar ned. Hybridbilar har som oftast liten batterikapasitet, og kan berre lagra nok energi til korte turar, medan forbrenningsmotoren vert nytta til lengre turar. Vekslinga mellom motorane skjer normalt automatisk. Batteriet på nokre hybridbilar kan ladast frå elnettet.

Føremonar og ulemper[endre | endre wikiteksten]

Forbrenningsmotoren i ein hybridbil kan normalt vere mindre enn i ein bil med berre forbrenningsmotor. Dette fordi batteriet funderer som ein energibuffer, slik at forbrenningsmotoren kan dimensjonerast etter gjennomsmittseffekta, i staden for maksimumseffekta.

Ein føremon er at ein elmotor òg kan fungera som generator, så ved køyring i nedoverbakke og ved bremsing kan overskotsenergien nytast for å ladda batteria. I bilar utan batteri bilar går denne energien til spille som varme. Hybridbilar har som regel eit lågare drivstofforbruk enn ein tilsvarande vanleg bil. Dette gjeld særleg når bilen blir bruka til bykøyring og småkøyring.

Hybridbilar har òg nokre ulemper, som at to ulike motorar fører til at dei vert kompliserte, og difor dyre. Sjølv om forbrenningsmotoren er mindre enn i ein bil med berre forbrenningsmotor, vil den ekstra motoren ta opp plass og auka totalmassen. Ein elbil utan forbrenningsmotor kan ha større batterikapasitet enn ein hybridbil, for ein samanlignbar masse.

Drivverk[endre | endre wikiteksten]

Hybridbilar kan vera noko ulikt konstruerte, men kan grovt delast inn i to typar:

Seriehybridar har som oftast ikkje mekanisk samband mellom forbrenningsmotoren og drivhjule. Når batteriet er oppladda vert ikkje forbrenningsmotoren nytta. Bilen vert då driven med energi frå batteriet. Forbrenningsmotoren vert nytta for å ladda batteriet, når energinivået fell under eit visst nivå.

Parallellhybridar kan ta ut effekt frå den elektrisk motoren og forbrenningsmotoren samstundes. Mindre motorar kan då nyttast, noko som gjev redusert masse, som fører til ein kan køyra lengre på energien lagra i batteriet og/eller med redusert drivstofforbruk.

Ladbar hybridbil[endre | endre wikiteksten]

Ladbare hybridbilar kan ladast frå elnettet når dei er parkerte. Dette gjer at ein ved korte turar ikkje treng å nytta forbrenningsmotoren. I tettbygd strøk er dette ein føremon, etter som ein då unngår skadeleg eksos. Støynivået vert òg lågare.

Verkningsgrad[endre | endre wikiteksten]

I likheit med elbilar utan forbrenningsmotor kan moderne hybridbilar ta vare på overskotsenergien ved køyring i nedoverbakke og ved bramsing, noko som er med på å auka verkningsgraden. Når forbrenningsmotoren vert nytta for å ladda bateriet kan han køyrast på optimalt turtal og belastning, noko som fører til høg verkningsgrad. Men når batteriet er utladda lyt forbrenningsmotoren ofte arbeida med for stor belastning, noko som reduserer verkningsgraden. Hybridbilar kan difor oppnå høgare verkningsgrad enn bilar med berre forbrenningsmotor ved køyring i tettbygde strok, der farten er liten. Men ved køyring i stor hastigheit, til dømes på motorveg, kan verkningsgraden verta dårlegare enn for bilar med berre forbrenningsmotor.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]