Håkan Loob
Håkan Loob | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 3. juli 1960 (63 år) Visby |
Idrett | ishockey |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Stanley Cup |
Per Håkan Loob (fødd 3. juli 1960) er ein svensk tidlegare ishockeyspelar frå Slite i Gotlands län. Han vann to VM-gull og eitt OL-gull med Sveriges landslag i perioden 1987-94.
Høgrevengen Loob vart verdsmeister med Sverige under Ishockey-VM 1987, ein prestasjon han og lagkameratane gjentok ved Ishockey-VM 1991. Under Vinter-OL 1994 på Lillehammer syrgde det Loob og ishockeymannskapet for Sveriges einaste gullmedalje i leikane.
Loob spelte på det svenske topplaget Färjestad BK frå 1979 til -83, eit lag som i 1981 vart svensk meister i ishockey. Frå 1983 til -89 var han aktiv på Calgary Flames i National Hockey League, ein klubb som i 1989 tok heim Stanley Cup-trofeet. Etter den triumfen reiste han heim til Sverige og spelte i sju sesongar på Färjestad BK før han la opp.
Loob var ein viktig spelar då Sverige i 1987 vann VM-pokalen for fyrste gong på 25 år. Også då Sverige vann VM-gull i Finland i 1991 ytte han mykje til den svenske suksessen, sameleis då det svenske mannskapet avslutta dei olympiske vinterleikane på Lillehammer med å slå Canada i OL-finalen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Håkan Loob» frå Wikipedia på svensk, den 28. november 2019.
- Einskildmenn
- Fødde i 1960
- Svenske ishockeyspelarar
- Olympiske medaljevinnarar i ishockey
- Olympiske meistrar for Sverige
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1992
- Ishockeyspelarar under vinter-OL 1992
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1994
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1994
- Ishockeyspelarar under vinter-OL 1994