Visby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Visby bymur
Panorama over Visby
Visby hamn
Parti av Strandgatan i Visby på 1870-talet (fra Svenska Familj-Journalen)

Visby er hovudbyen på Gotland i Sverige. Byen hadde 22 593 innbyggjarar i 2010. Byen sitt historiske sentrum, hansabyen Visby, har sidan 1995 stått på UNESCO si verdsarvliste.

I Visby vert det kvart år skipa til ei mellomalderveke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ingen veit kor langt attende historia til byen går. I følgje ein teori vart byen grunnlagd kring 900, men alt før dette tidspunktet fanst det eit handelssentrum på staden. På 1100-talet var Visby eit viktig sete for Hansaen. Folkesetnaden i byen var då halvt tysk, og det rådde sterke motsetnader mellom by og land. Difor er ringmuren langt tjukkare mot landsida enn mot havsida. I 1361 vart Gotland erobra av Valdemar Atterdag. Ved det avgjerande slaget, aust for muren, mellom danskar og gotlandske bønder, stilte byen seg nøytral. I 1525 var det konflikt mellom Lübeck og Visby. Lübeckarane skal i følgje tradisjonen ha brunne alle kyrkjene i byen, utanom den tyske, som no er domkyrkje. Visby vart ein svensk by i 1645, etter freden i Brömsebro. I 1808, under den siste svenske-russiske krigen, blei Visby og resten av Gotland annektert «til evig tid», men det tok ikkje meir enn ein månad før Gotland igjen var på svenske hender. Den avsette, den russiske guvernøren Bodisko, blei etter krigen guvernør i Finland.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange minnesmerke frå stordomstida til Visby er i dag attraksjonar:

  • Ringmuren frå 1200-talet, 3,5 km lang med totalt 44 tårn.
  • Av festninga Visborg finst knapt synlege restar igjen.
  • fleire kyrkjeruinar.
  • Visby domkyrkje.
  • Ca 150 mellomalderhus i meir eller mindre godt verna stand.
  • Botanisk hage, eid av selskapet DBV (Dei badande vännerna).
  • Galgberget, nord for Norderport, med ein verna galge frå mellomalderen – tre steinpilarer med sytten steinar i Kvar. Opphav til eiden: «Fy sjutton (stenar).»

Festivalar[endre | endre wikiteksten]

Kvart år i august er det mellomalderuke innanfor ringmuren. Det blir servert mat og godbitar med oppskrifter frå mellomalderen. Det blir òg laga smykke og blir sett opp skodespel frå mellomalderen.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Visby flyplass ligg like utanfor byen. Bilferja Visby—Nynäshamn, Visby-Oskarshamn og Visby-Øland (Grankullavik).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Visby