I'll Hold You in My Heart (Till I Can Hold You in My Arms)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I'll Hold You in My Heart
Song av Eddy Arnold
Innspelt 1947
Sjanger Country
Låtskrivar(ar) Eddy Arnold, Hall Horton and Tommy Dilbeck

«I'll Hold You in My Heart (Till I Can Hold You in My Arms)» er ein song frå 1947 av Eddy Arnold. Songen vart den tredje førsteplassen til Eddy Arnold på Billboard Juke Box Folk Records-lista. «I'll Hold You in My Heart (Till I Can Hold You in My Arms)» låg 46 veker på lista og 21 veker på førsteplassen..[1]

Låtskrivarar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Eddy Arnold, Hall Horton og Tommy Dilbeck og først spelt inn av Eddy Arnold i 1947. Han nådde toppen av countrylista og låg der i 21 veker, den nest lengste perioden ein song har vore på toppen gjennom tidene (tangert av «I'm Movin' On» av Hank Snow og «In the Jailhouse Now» av Webb Pierce, men dei er lista 1, 2 og 3 på listene.)

Arnoldversjonen var den første av tre songar gjennom midten av 1950-åra som låg 21 veker på toppen av lista. I 1950 tangerte Hank Snow sin «I'm Movin' On» denne rekorden og i 1955 gjorde Webb Pierce det same med sin versjon av Jimmie Rodgers sin «In the Jailhouse Now». I 58 år var det ingen som slo denne rekorden før august 2013, då Billboard endra metoden for korleis Hot Country Songs-lista blir rekna ut (radiospeling, nedlasting og nettbasert strøyming) og «Cruise» av Florida Georgia Line låg 22 veker på toppen av lista.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 29. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]