Glen Campbell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Glen Campbell
Glen Campbell 1967.JPG
Campbell i 1967
Verkeleg namn Glen Travis Campbell
Fødd 22. april 1936 (82 år)
Delight, Arkansas, U.S.
Død

8. august 2017
Nashville

Instrument
Sjanger
Aktive år 1958–2013
Yrke
  • Musikar
  • låtskrivar
  • actor
Tilknytte artistar
Plateselskap

Glen Travis Campbell (fødd 22. april 1936) - 8 august 2017 er ein USA-amerikansk rock- og countryartist, gitarist, låtskrivar, programleiar og stundom skodespelar. Han er mest kjend for ei rekkje hittar i 1960- og 1970-åra, og som vert for eit musikk- og komishow kalla The Glen Campbell Goodtime HourCBS frå 1969 til 1972.

Gjennom 50 år i underhaldningsindustrien har Campbell gjeve ut meir enn 70 album. Han har seld 45 millionar plater og fått i alt 12 gullplater, fire platinaplater og ei dobbelplatinaplate. Han har hatt i alt 80 songar inne på anten Billboard Country-lista, Billboard Hot 100 eller Adult Contemporary-lista, og av desse nådde 29 av dei topp 10 og ni av dei har nådd toppen av ei av listene. Dei største hittane hans er John Hartford sin «Gentle on My Mind»; Jimmy Webb sin «By the Time I Get to Phoenix», «Wichita Lineman» og «Galveston»; Larry Weiss sin «Rhinestone Cowboy» og Allen Toussaint sin «Southern Nights».

Campbell vart historisk i 1967 då han vann i alt fire Grammy-prisar i country- og popkategoriar.[2] For «Gentle on My Mind» fekk hann to prisar i sjangeren country og «By the Time I Get to Phoenix» gjorde det same i popkategoriren. Tre av dei tidelgare hittane hans vann Grammy Hall of Fame Award (2000, 2004, 2008), medan Campbell sjølv har fått Grammy Lifetime Achievement Award i 2012. Han har blitt kåra til årets mannlege vokalist hos både Country Music Association (CMA) og Academy of Country Music (ACM), og fekk prisen årets underhaldar av CMA i 1968. I 1969 spelte Campbell i lag med John Wayne i filmen True Grit, som Campbell vart nominert til Golden Globe for i kategorien beste nykommar. Campbell song tittelsongen som vart nominert til Oscarprisen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Glen Campbell» frå Wikipedia på engelsk, den 9. desember 2016.
  • Allen, Bob. (1998). «Glen Campbell». In The Encyclopedia of Country Music. Paul Kingsbury, Editor. New York: Oxford University Press. s. 76–77

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Glen Campbell
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.