I'm Working on a Building

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«I'm Working on a Building» er ein song frå både negro spiritual og southern gospel-tradisjonen. Songen har blitt ein gospelstandard og er blitt spelt inn mange gonger, av artistar som The Carter Family,[1] Bill Monroe,[2] Elvis Presley,[3] Oak Ridge Boys,[3] B.B. King,[4] og John Fogerty.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av songen er tilskriven Lillian Bowles og Winifred O'Hoyle,[3] men songen har eksistert som tradisjonell folkevise lenge før det, truleg med opphav som ein negro spiritual. Ein tidleg versjon av songen vart trykt i boka Old Songs Hymnal av Dorothy G. Bolton frå 1929. Det er sagt at songen har ei calypsokjensle, noko som har ført til spekulasjonar om songen kan kome frå Florida eller Karibia.[6]

Songen vart knytt til Southern gospel-musikk då The Carter Family spelte inn songen i 1934 for Bluebird Records. Denne versjonen er oppført med A.P. Carter som opphavsrett. Bill Monroe, som grunnla bluegrass, spelte ofte songen. Ein trur at Carter sin versjon var basert på ein mykje eldre versjon av folkloristen John Wesley Work III og seinare utgjeve i samlinga American Negro Songs and Spirituals i 1940.[7][8]

Blues-legenda B.B. King lærte seg først songen som ung gatemmusikant og spelte ofte songen tidleg i karrieren sin.[9] John Fogerty spelte inn songen for det første soloprosjektet sitt, The Blue Ridge Rangers.[5]

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zwoniter, Mark; Hirschberg, Charles (2002). Will You Miss Me When I'm Gone: The Carter Family and Their Legacy in American Music. New York: Simon & Schuster. s. 137. Henta 1. november 2016. 
  2. «Track details: I'm Working on a Building». Smithonian Folkways. Henta 1. november 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «I'm Working on a Building». Southern Gospel History. Arkivert frå originalen 26. mars 2012. Henta 1. november 2016. 
  4. «B. B. King Sings Spirituals». Allmusic.com. Henta 1. november 2016. 
  5. 5,0 5,1 «The Blue Ridge Rangers». Allmusic.com. Henta 1. november 2016. 
  6. Erbsen, Wayne (2008). Hymns of the Old Camp Ground. Native Ground Books and Music. s. 69. Henta 1. november 2016. 
  7. Rosenberg, Neil V.; Wolfe, Charles K. (2007). The Music of Bill Monroe. University of Illinois Press. s. 94. Henta 1. november 2016. 
  8. Nemerov, Bruce (2009). «Field Recordings of Southern Black Music». A Tennessee folklore sampler: selections from the Tennessee folklore society. Univ. of Tennessee Press. s. 323–324. Henta 1. november 2016. 
  9. McGee, David (2002). B.B. King: There is Always One More Time. Hal Leonard Corporation. s. 24. Henta 1. november 2016.