iPhone 11 Pro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
iPhone 11 Pro
iPhone 11 Pro Max
IPhone 11 Pro Max Midnight Green.svg
iPhone 11 Pro Max i fargen «Midnight Green»
ProdusentApple
OperativsystemiOS
Minne4 GB LPDDR4X RAM
Lagring64, 256 eller 512 GB
Batteri11 Pro: 3,83 V 11,67 W·h
(3046 mA·h) Li-ion
11 Pro Max: 3,79 V 15,04 W·h
(3969 mA·h) Li-ion
Storleik11 Pro:
Høgd: 144 mm
Breidd: 71,4 mm
Djupn: 8,1 mm
11 Pro Max
Høgd: 158 mm
Breidd: 77,8 mm
Djupn: 8,1 mm
Vekt11 Pro: 188 g
11 Pro Max: 226 g

iPhone 11 Pro og iPhone 11 Pro Max er smarttelefonar designa, utvikla og marknadsført av Apple Inc. Dei utgjer flagskipa i den trettande generasjonen iPhone-modellar og vart annonserte 10. september 2019 i Steve Jobs Theater i Apple Park-kampusen, som etterfølgjarar til 2018-modellane iPhone XS og iPhone XS Max. Telefonane vart tilgjengelege for sal 20. september 2019, dagen etter operativsystemet iOS 13 vart lansert.[1]

Sentrale oppdateringar over dei førre iPhone-modellane er eit trippellinse-kamerasystem på baksida av telefonane og ein ny prosessor, A13 Bionic. 11 Pro-modellane er dei første telefonane frå Apple som bruker designasjonen «pro», som tidlegare berre var brukt hjå strørre einingar frå selskapet, som iPad Pro og MacBook Pro. Telefonane er òg dei første som er leverte med ein hurtigladar på 18W, som går via USB-C til Lightning, den proprietære utgangen som telefonane har på undersida.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nå kan du laste ned iOS 13». Tek.no. 19. september 2019. Henta 4. november 2019. 
  2. «Apple iPhone Pro Max - Test». Tek.no. 17. september 2019. Henta 5. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Baksida av iPhone 11 Pro-telefonane har eit kamerasystem med tre linser.
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.