IPhone XR
Utsjånad
IPhone XR | |||
![]() | |||
iPhone XR i blått | |||
Produsent | Apple | ||
---|---|---|---|
Lansert | 12. september 2018 | ||
Skjerm | 154 mm LCD | ||
Kamera | 12 MP | ||
Minne | 3 GB | ||
Batteri | litium-ion | ||
Vekt | 194 g |
iPhone XR er ein smarttelefon utvikla av Apple og fabrikkert av Foxconn.[1] Han vart lansert 12. september 2018 og er del av den tolvte generasjonen av iPhone.
Telefonen vart lansert saman med iPhone XS og XS Max som ein rimelegare variant, og har ein LCD på 154 mm (6,06 tommar). Han er tilgjengeleg i seks fargar: svart, kvit, blå, gul, «korallraud» (ei blanding av rosa og oransje) og Product Red (raud).[2]
iPhone XR vart lansert med operativsystemet iOS 13, og har sidan fått alle oppdateringar. iOS 18, som kom ut i september 2024, vart likevel den siste som kan installerast på telefonen, då han ikkje blir kompatibel med iOS 19.[3]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Roger Fingas (13. august 2018), «Foxconn taking charge of vast majority of iPhone production this fall», AppleInsider (på engelsk), henta 5. september 2022
- ↑ iPhone XR: Specs, Apple, arkivert frå originalen 13. september 2018
- ↑ Andresen, Fredrik (14. april 2025), «Nå er det slutt: Disse iPhone-modellene får ikke flere oppdateringer», Teksiden.no (på norsk bokmål), henta 20. april 2025