Hopp til innhald

iPhone 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
IPhone 4

iPhone 4 i svart
ProdusentApple
Lansert24. juni 2010; 16 år sidan (2010-06-24)
OperativsystemiOS
Minne512 MB LPDDR-DRAM
Lagring8, 16 eller 32 GB
Batteri3,7 V, 5,3 W·h (1420 mA·h)
Lithium-ion-batteri
StorleikHøgd: 115,2 mm
Breidd: 58,6 mm
Djupn: 9,3 mm
Vekt137 g

iPhone 4 er ein smarttelefon som var utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han er den fjerde generasjonen iPhone,[1] oppfølgjaren til iPhone 3GS og forgjengaren til iPhone 4S. Telefonen vart annonsert 7. juni 2010 under Worldwide Developers Conference i San Francisco og utgjeven 24. juni 2010 i USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Japan. iPhone 4 introduserte ein ny design til iPhone-serien, som den administrerande direktøren i Apple, Steve Jobs, hevda var den tynnaste smarttelefonen i verda på den tida. Telefonen bestod av ei innfatning i rustfritt stål som fungerte som antenne, med dei internekomponentane lokalisert mellom to panel av glas i aluminiumsilikat.[2]

iPhone 4 introduserte skjermen «Retina Display» med ein pikseltettleik på 326 pikslar per tomme, medan han vidareførte storleiken og skjermtilhøvet frå forgjengarane, Apple A4-prosessoren og iOS 4, som la til multitasking og FaceTime for videosamtalar. Han var den første iPhonen med eit kamera på framsida.

  1. ↑ Pachal, Peter (2011-10-08). «Remembering Steve Jobs: His Best Keynote Moments». PC Magazine. Ziff Davis. Arkivert frå originalen 2012-03-30. Henta 2011-10-08. {{cite news}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  2. ↑ Diaz, Jesus (2010-06-07). «iPhone 4: The Definitive Guide». Gizmodo. Henta 2010-06-19.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]