IPhone XS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
iPhone XS
iPhone XS Max
IPhone XS Gold.svg
iPhone XS i fargen «Gold»
Lansert12. september 2018; 14 månader sidan (2018-09-12)
SkjermOLED
Kamera2 × 12 MP
Batterilitium-ion

iPhone XS og iPhone XS Max er smarttelefonar utvikla av Apple og fabrikkert av Foxconn.

Dei vart lanserte 12. september 2018.[1] Saman med iPhone XR er dei tolvte generasjon av iPhone. iPhone XS er 143,6 × 70,9 mm stor, medan iPhone XS Max er 157,5 × 77,4 mm stor. Båe har OLED med ei oppløysing på 458 ppi. Skjermstorleiken på iPhone XS er på 5,8 tommar.

Telefonane har kapslingsgrad IP 68 mot støv og vatn, og støtte for dobbelt SIM-kort. Dei vart leverte i fargane i svart, kvit eller gull.[2] Salet av XS og XS Max vart avvikla etter at Apple annonserte nye modellar i 2019, iPhone 11 Pro og iPhone 11 Pro Max.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Appleinsider: Foxconn Taking Charge of Vast...
  2. Apple: iPhone XS: Specs