IRA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
IRA-soldatar under Frigjeringskrigen

Den irske republikanske hæren, kjend som IRA frå det engelske Irish Republican Army, Óglaigh na hÉireannirsk, er ei paramilitær rørsle i Nord-Irland som kjemper for ein samla irsk republikk med sjølvstende frå Storbritannia.

Gruppa har utført fleire terroraksjonar i Storbritannia og Irland. Sidan fredsprosessen i Nord-Irland tok til er gruppa blitt stadig meir fredeleg, men har samstundes opplevd at meir yttarleggåande grupperingar har brote ut.

Den 28. juli 2005 kunngjorde IRA at dei ville legga ned våpna og gå over til å bruka politiske middel for å nå måla sine. Denne avgjerda kom etter press frå mellom andre det politiske partiet Sinn Fein, som har same mål som IRA om eit sameint Irland.

IRA var opphavleg den illegale væpna organisasjonen til den første irske nasjonalforsamlinga First Dáil, og vart oppretta i 1919 da den irske sjølvstendekrigen tok til. Denne organisajonen blir kalla Old IRA.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.