Ida Hjort Kraby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ida Hjort Kraby
Fødd 20. september 1960
Yrke advokat

Ida Hjort Kraby (fødd 20. september 1960) er ein norsk jurist. Ho vart tilsett som advokat ved Regjeringsadvokaten i september 1993. Kraby var konsulent og rådgjevar i Justisdepartementet si lovavdeling frå 1988 til 1992.

Ida Hjort Kraby er dotter av høgsterettsadvokaten Pål Kraby. Ho er utdanna ved Universitetet i Oslo der ho tok juridisk embetseksamen i 1988. Under studietida hadde ho eit opphald ved Harvard Law School.

Kraby blei utnemnd til nytt barneombud i Noreg av Kongen i statsråd den 8. februar 2008, og skulle ha byrja i stillinga i april, men valde allereie 14. februar å trekkje seg frå stillingan. Det skjedde etter at det blei klart at barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen, som hadde tilsett ho, etter sterkt press valde å trekkje seg frå regjeringa grunna kritikk i samband med nett denne tilsetjinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]