Igor Larionov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Igor Larionov i 2008

Igor Nikolajevitsj Larionov (fødd 3. desember 1960) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Voskresensk som i tida 1982-89 vann fire VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt ishockeylandslag og perioden 1997-2002 vann tre Stanley Cup-turneringar med Detroit Red Wings.

Senteløparen Larionov spelte på Khimik i heimbyen til 1981. Sidan var han aktiv på CSKA Moskva, det dominerande ishockeylaget i Sovjetunionen, til 1989. Han var ein sentral spelar på dei sovjetiske landslaga som sikra seg VM-pokalen i 1982, 1983, 1986, 1989 og som vann ishockeyturneringa både under Vinter-OL 1984 i Sarajevo og i Vinter-OL 1988 i Calgary.

Frå 1989 til 2004 spelte Larionov på ulike klubblag i National Hockey League i Nord-Amerika, bortsett frå 1992/93-sesongen då han gjorde teneste i HC Lugano i Sveits. I NHL fekk han lengst speletid hos Detroit Red Wings. Både i 1997, 1998 og 2002 var Larionov delaktig då klubben frå bilbyen Detroit kunne heve Stanley Cup-trofeet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]