Igor Romisjevskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Igor Romisjevskij


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 25. mars 1940
Zjukovskij
Død

28. september 2013 (73 år)
Moskva

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1972

Utmerkingar

Æresordenen, Ærestegnets orden, Venskapsordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Igor Romisjevskij (25. mars 194028. september 2013) var ein russisk ishockeyspelar frå Zjukovskij i Moskva oblast. Perioden 1968-72 vann han to OL-gull og tre VM-gull for Sovjetunionen, i tillegg til VM-sølv.

Forsvarsspelaren Romisjevskij vart olympisk meister med det sterke sovjetmannskapet som gjekk til topps i ishockey-turneringa under vinterleikane 1968 i Grenoble. Dei neste tre åra vart han verdsmeister med mykje det same sovjetlandslaget. Under Vinter-OL 1972 i Sapporo forsvarte Romisjevskij og lagkameratane den olympiske meistertittelen, derimot måtte dei sjå seg slått av TsjekkoslovakiaIshockey-VM 1972 vart avvikla i Praha i april 1972.

Romisjevskij gjorde teneste i CSKA Moskva frå 1960 til han la opp i 1972. Gjennom desse tolv sesongane fekk han med seg ni seriemeisterpokalar og fire cupmeistertitlar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]