Ikonografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helgenane Katerina og Maria Magdalena, måla av Konrad Witz rundt 1440. Glorie rundt hovudet er eit vanleg ikonografisk verkemiddel for å visa at nokon er heilage. Maria Magdalena har ei salvekrukke, som ho er kjend med frå Bibelen. Hjulet ved sidan av Katarina viser til dødsmåten hennar.

Ikonografi (frå gresk eikon, ‘bilde’ og grafi, ‘skrift’, ‘biletlære’) er evna til å forstå innhaldet i kunstverk. Det er eit eige fag innan kunsthistorie. Ikonografi tek for seg symbolske tydingar i kunst, til dømes attributtar (gjenstander), allegorisk tyding og motiv, og prøver lesa kva kunstverket seier om haldningane og tankane til kunstnaren og samfunnet rundt. Ikonografi blir også brukt i semiotikk, medievitskap og generelt om innhaldet i biletlege framstillingar.

Enkel ikonografi går ut på at ein kan kjenna att ein framstilt figur gjennom attributtane hans. Dette er formidling utan bruk av skrift, og dermed ei form for kommunikasjon som også folk som ikkje kan lesa kan ta del i. Slik ikonografi er vanleg i religiøs kunst, til dømes framstillingar av kristne figurar, hindugudar, buddhafigurar og liknande.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«ikonografi» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ikonografi
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.