Konrad Witz
Konrad Witz | |
![]() | |
Statsborgarskap | Det tysk-romerske riket, Tyskland, Prince-Bishopric of Basel |
Fødd | 1400 Rottweil |
Død |
1445 (45 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | altartavle, religiøst maleri |
Konrad Witz på Commons |



Konrad Witz var ein sørtysk kunstmålar som var aktiv i første halvdelen av 1400-talet. Truleg var han fødd i Rottweil krig 1400/1410, og døydde i Basel i 1445 eller -46. Saman med Hans Hirtz er han den viktigaste representanten for målarkunst i seingotisk eller nederlandsk Ars Nova-stil. Han er særleg kjend for tre altartavler han måla i 1430- og 40-åra.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Først i 1897 oppdaga forskarar ei underskrift av Konrad Witz i ei opphavleg ramme til eit altar i Genève. Teksta på ramma fortalde at dette «arbeidet måla meister Konrad Witz i Basel i 1444».
Den eldste kjelda som nemner Witz, er funnen i Basel, der han 21. juni 1434 som Conrad frå Rottweil vart medlem av det lokale handverkarlauget. Året etter fekk han borgarskap i Basel. Han var også medlem av Lukasgildet, eit laug for målarar i Nederlanda.
Ein kjenner verk berre frå dei siste tolv åra av livet hans. Siste arbeidet skal vere frå 1444, og kona Ursuline var enke i 1447.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Altaret i Genève, med sine fire panel, er det einaste signerte arbeidet. Ein veit ikkje kvar han fekk si utdanning. Kunsthistorikarar har meint han i sine vandreår har reist gjennom Bourgogne og Nederlanda. Kunsthistorikaren Florens Deuchler meiner å ha påvist at han var ein tur til Italia, der han var innom Ferrara og Firenze. Der burde han ha kome i kontakt med kunsten til dei tidlege, italienske renessansemålarane. Slik kan han vore ein sentral kontaktmann mellom kunsten sør og nord for Alpane. Basel var i dei åra Witz budde der, eit senter for internasjonal utveksling. Han kunne såleis kome i kontakt med rike mesenar og framståande kunstnarar.
Witz var frimodig i arbeidet med å omforme den tredimensjonale røyndomen på ein sannferdig måte til eit todimensjonalt bilete. Trass i at nærperspektivet ikkje er matematisk korrekt, finst det ei påfallande djupne i beletet. I biletet Det vidunderlege kastet (Das Wunderbare Fischzug) har Witz flytta landskapet ved Genesaretsjøen til sitt heimlege miljø. Nøayktig har har han gjengitt landskapet ved Genfersjøen med Mole og Petit Salève i bakgrunnen. Det er den første identifiserbare topografiske vising i eit europeisk landskapsmåleri. Karakterisk for Witz er hans realistiske framstillingar av alle material, særleg glans av metall og til dømes av ein riddar i rustning og av smykke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Konrad Witz» frå Wikipedia på tysk, den 22. juli 2011.