Ilminster
Ilminster | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Somerset | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2011[1]) |
5 808 | |
Koordinatar | 50°56′N 2°55′W / 50.933°N 2.917°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | TA19 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1460 | |
Ilminster er ein by i grevskapet Somerset i England. Han har kring 5 800 innbyggjarar. Byen ligg aust for krysset mellom hovudvegane A303 (London til Exeter) og A358 (Taunton til Chard og Axminster). Han ligg nær River Isle.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ilminster er nemnd i dokument frå 725 og i eit charter gjeve til Muchelney Abbey (10 mile (16 km) nord for byen) av Ethelred II av England i 995. Ilminster er også nemnd i Domesday Book frå 1086 som «Ileminstre», med tydinga 'kyrkja på elva Isle', frå gammalengelsk ysle og mynster. På denne tida var Ilminster eit blomstrande samfunn som fekk løyve til å halda ein marknad ein gong i veka.
Kyrkja byen har namn etter er vigd til jomfru Maria, og er kjend som The Minster. Den noverande bygningen i hamstone, ein kalkstein frå Ham Hill i Somerset, og stammar frå 1400-talet. Han blei renovert i 1825 av William Burgess, medan koret blei restaurert i 1883. Det blei utført vidare restaurasjonsarbeid i 1887-89 og 1902.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Ilminster sentrum i 1987.
-
Pubben Dolphin Inn
-
East Street
-
Middlefield Farmhouse
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Statistics for Wards, LSOAs and Parishes — SUMMARY Profiles» (Excel). Somerset Intelligence. Henta 4 January 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Ilminster» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2011 og 4. september 2023.