Inderøy Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Inderøy Idrettslag er eit idrettslag frå Inderøy i Trøndelag. Det blei stifta i 1863, og er eit av dei eldste idrettslaga i Noreg. Opphavleg heitte laget Inderøens Skiløberforening, seinare bytta det namn til Inderøy turn- og idrettslag og til slutt Inderøy Idrettslag.[1]

Klubben driv med idrettar som fotball, volleyball, friidrett, sykling, handball, vektløfting men har skiskyting og langrenn i hovudsetet. Inderøy har også eit godt orienteringsmiljø, med store profilar som mellom anna Per Morten Kvam. Langrennsmiljøet har også fått fram mange talent som Ole-Marius Bach, Kristin Gausen, Eirik Lorentsen og Julie Gausen.

Inderøy Idrettspark har kunstgrasbane med løpebane rundt, ein tennisbane og ein basketballbane. Inderøy har 3 lysløyper. Desse er på Lyngstad (Kjerknesvågen, Rostad (Utøy) og Gran (Vuddu).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Trøndersk språkhistorie: språkforhold i ein region. Tapir akademisk forlag. 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]