Indie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Indie er ei forkorting for engelske independent, som tyder uavhengig. I utgangspunktet var indie eit namn på musikk av artistar som gav ut musikken sin på uavhengige plateselskap, eller ikkje på plateselskap i det heile. Eit uavhengig plateselskap (indie record label) er eit selskap som ikkje høyrer til eit stort selskap (Virgin er eit stort selskap, medan Creation er uavhengig, for å ta eit døme.).

Ulik bruk av omgrepet indie[endre | endre wikiteksten]

I utgangspunktet vart indie brukt utelukkande om band som gav ut musikken sin på små selskap, og omfatta såleis mange ulike musikksjangrar eller typar av musikk. Med tida har indierock, indiepop og indiejazz, eller berre indie, blitt eigne sjangrar utan at artistane treng å vere knytt til små plateselskap. På 1980-talet vart namna indie og alternativ rock brukt om kvarandre om rock som ikkje var kommersiell, eller som følgde andre retningar enn det som var vanleg på den tida. Utover 1990-talet vart indie dratt opp av undergrunnen ved hjelp av store band som Nirvana og Pearl Jam.

Av fleire grunnar er det vanskeleg å definere sjangeren indie musikalsk. Når det gjeld indierock og indiepop, er musikken hovudsakleg gitardreven, og kan omfatte andre sjangrar som britpop, madchester, tweepop, emo og grunge. Band som ofte vert nemnd i samband med indie-sjangaren er USA-amerikanske Pixies og britiske The Smiths.

Band[endre | endre wikiteksten]

Dette er eit utval band som har blitt omtalt som indie, uansett kva slags selskap dei er på. Mange av desse kan nok også finnast under andre sjangrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.