Hopp til innhald

Indra Øverland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indra Øverland
Fødd7. februar 1973
NasjonalitetNoreg
Områdeenergibransje, energipolitikk, utanrikspolitikk, internasjonale relasjonar
Yrkeakademikar, statsvitar, ekspert, politisk analytiker, politisk rådgiver
InstitusjonarNorsk utanrikspolitisk institutt
Scott Polar Research Institute
Norsk utanrikspolitisk institutt
Alma materUniversity of Cambridge
University of Cambridge

Indra Nobl Øverland (fødd 7. februar 1973) er ein norsk forskar med energispørsmål[treng kjelde] som spesialfelt. Han tok PhD-graden ved Scott Polar Research Institute ved University of Cambridge i 2000 og har utgjeve eit vidt spekter av publikasjonar knytte til energipolitikk, bistand og urfolk i det tidlegare Sovjetunionen. For doktoravhandlinga si mottok han Toby Jackman-prisen ved Cambridge.

Han har tidlegare arbeidd i Kommunal- og regionaldepartementet, Flyktninghjelpen (tidlegare Flyktningerådet) og i NordForsk. Han er fungerande leiar av Avdeling for Russland og Eurasia ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) og førsteamanuensis II ved Universitetet i Tromsø.

Han har mellom anna gjeve ut Energy Politics: Azerbaijan, Kazakhstan and Turkmenistan (Routledge, 2010), Russian Renewable Energy: The Potential for International Cooperation (Ashgate, 2009), Caspian Sea Region towards 2025 (Eburon, 2010).

Mest kjend er han kanskje for å ha bidrege til teoretiseringa av ressursforbanninga med omgrepet «slippery slopes». Omgrepet viser til dei vanskelege avgjerdene autoritære og halvautoritære statsleiarar må treffa i valet mellom å slå ned på opposisjon eller tillata misnøye å ulma, og kva for ei rolle inntekter frå naturressursar spelar når slike avgjerder blir tekne.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]