Odda Smelteverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°4′3.4464″N 6°32′50.719″E

Utsyn over Odda og smelteverket. Foto: Arne Midtbø
Utsyn over smelteverket og Odda. Foto: Arne Midtbø
Frå hamna i Odda, utskipingsområdet til smelteverket. Foto: Arne Midtbø
Kalkomnen ved smelteverket. Foto: Svein Harkestad

Odda Smelteverk er namnet på ein fabrikk plassert i Odda sentrum, inst i Sørfjorden i Hardanger, som produserte kalsiumkarbid og derivata dicyandiamid, kalsiumcyanamid og hydrogencyanamid. Drifta varte frå 1906 til 2002, med nokre avbrot. Verksemda gjekk konkurs i 2003.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste smelteverket i Odda blei bygd frå 1906, då det britiske The Sun Gas Company anla kraftverk og fabrikk. Då arbeidet var ferdig og produksjonen tok til i 1908 var dette verdas største karbidfabrikk. Selskapet hadde då skifta namn til The Alby United Carbide Factories Ltd. The North Western Cyanamide Company, eit anna britisk selskap, starta i 1909 opp produksjon av kalsiumcyanamid på det same fabrikkområdet. Grunnlaget for industriutbygginga var billeg elektrisitet frå vasskraft. Tysso I vasskraftverk i Tyssedal vart bygd ut i takt med smelteverket.

Den verdsfemnande økonomiske depresjonen i 1920-åra førde til konkurs for fabrikkane, som stengde våren 1921 og gjorde tusen menneske arbeidslause. Drifta starta opp igjen i 1924 då Odda Smelteverk AS vart grunnlagt av kraftselskapet Tyssefaldene og Hafslund/Meraker-gruppa. British Oxygen Company (BOC) kjøpte i 1937 alle aksjane i Odda Smelteverk. BOC-konsernet var eit stort internasjonalt konsern, og sikra Odda betre sal og utvikling. Oddaprosessen vart utvikla ved smelteverket, ein prosess innan kunstgjødselproduksjon.

Fabrikken blei modernisert på 1950- og 1970-talet, men stod likevel for utslepp av miljøgifter, som kalk, nitrogen og tungmetall, i Sørfjorden.

Avvikling[endre | endre wikiteksten]

Fall i karbidetterspørselen og aukande straumprisar gjorde det stadig mindre lønsamt å driva fabrikken. Smelteverket prøvde seg ei tid med å framstilla det meir miljøvennlege stoffet hydrogencyanamid (CY-50). I 2002 stoppa produksjonen av kalsiumkarbid i juni medan drifta for heile verket fekk ein "mellombels" stopp i november same året.

Det amerikanske selskapet Philipp Brothers Chemicals Inc. hadde teke over som eigar av selskapet i 1998. I røynda heldt den gradvise avviklinga fram. Smelteverket tapte pengar, og då eigarselskapet ikkje ville gje det eit lån på 10 millionar kroner måtte det gje opp. Den 27. februar 2003 vart Odda Smelteverk AS erklært konkurs, etter gradvis nedtrapping av produksjonen og nedkutting av arbeidskrafta. 60 tilsette mista arbeidet. Smelteverket hadde ei gjeld på 22 millionar kroner: 12 millionar til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og 10 millionar til andre kreditorar.

Tomta utgjer over ein tredel av sentrumsarealet i Odda, og har i dag inga aktivitet. Nokre bygg på tomta er førebels verna for å hindra att bygningsmassen vert reve eller seld, medan ein greier ut om dei kan ha historisk verdi. Odda kommune brukte nyleg 6,5 millionar på å kjøpa dei bygningane som det ikkje er pant i.

Smelteverket og oddasamfunnet[endre | endre wikiteksten]

Smelteverket var grunnlaget for at Odda voks fram som ein industristad, og i det heile vart ein større tettstad. Då smelteverket på kort tid vart bygd opp, vart innbyggjartalet auka drastisk. I røynda vart det bygd opp ein heilt ny småby i løpet av nokre få år. Det voks etter kvart fram fleire industriføretak, som Norzink ved Odda og TTI i Tyssedal. Trass i dette var smelteverket eit viktig symbol på Oddasamfunnet, og fabrikkområdet utgjorde store delar av Odda sentrum.

Kva smelteverket har hatt å seia for samfunnet, vert mellom anna avspegla i fleire forfattarar sine verk. Gro Holm sin roman De hvite kull tek handlinga si frå grunnlegginga og oppbygginga av smelteverket. Romanen Fabrikken (2008) av Øivind H. Solheim handlar om livet på og rundt smelteverket frå starten i 1906 og fram til den 2. verdskrigen. Verka til Frode Grytten og Lars Ove Seljestad byggjer mykje på livet i Odda i tilknytting til smelteverket.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Odda Smelteverk

Litteratur