Industriområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over fabrikkområdet til Odda Smelteverk i Odda
Eit symbol på industriområde

Eit industriområde er eit område som spesielt er sett av til etablering og drift av ymse verksemd knytt til industri. Det kan vera avstengt med eit gjerde, av tryggleiksomsyn. Eit industriområde kan ofte verta tilrettelagt av ein kommune, og avsett gjennom ein reguleringsplan. Industriverksemd vil ofte krevja store mengder transport, og kan gjeva opphav til forureining. Mellom anna difor er industriområda i nyare tid ofte skild frå bustadområde, og vert gjerne lagt til utkanten av ein tettstad eller ein by. Fram til byrjinga av 1900-talet vart gjerne arbeidarbustadane sett opp så nær fabrikkområdet som mogleg. Slik fekk arbeidarane kort veg til arbeidsstaden. Etter at bilismen voks fram er det ikkje så viktig å ha industrien nær bustadane. Eit industriområde kan ved nokre høve verta kalla bruk, som i sagbruk, fiskebruk eller jernbruk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]