Inga Bostad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inga Bostad
Nasjonalitet norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. august 1963 (60 år)
Utdanning mag.art. i filosofi (1989)
dr.philos. (2005)
Yrke førsteamanuensis i filosofi

Inga Bostad (fødd 22. august 1963) er ein norsk filosof, forfattar og universitetspolitikar. Ho har vore prorektor ved Universitetet i Oslo sidan 2009, og var viserektor i perioden 2006–2009.

Bakgrunn og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Inga Bostad vart mag.art. i filosofi med avhandlinga Om språk, kunnskap og tvil: en analyse av Wittgensteins Über Gewisstheit i 1989, og vart dr. philos. med avhandlinga Tro eller tvil – en rekonstruksjon av filosofisk skeptisisme i 2005. I 1992 vart ho tilsett som universitetslektor ved Universitetet i Oslo, der ho sidan 1990 har undervist i filosofihistorie, språk-og argumentasjonsteori og etikk. I 2005, etter avlagd doktorgrad, fekk ho opprykk til førsteamanuensis.

Inga Bostad har tidlegare blant anna vore redaktør i Kritikkjournalen, forlagsredaktør i Cappelen forlag og forlagssjef i Aventura forlag. Bostad har òg vore aktiv skribent i ei rekkje publikasjonar, blant anna kritikar i fleire dagsaviser og i NRK. Ho har òg gjeve ut fleire fag- og lærebøker innan filosofi og nærskylde fagområde. Ho er mest kjend for engasjementet sitt innan erkjenningsteori, skeptisisme og språkfilosofi, og dessutan norsk filosofi, særleg for filosofar som Arne Næss og Peter Wessel Zapffe.

Frå 2. mai 2006 til 1. juni 2007 leia Bostad eit regjeringsoppnemnt utval som såg på dei kristne føremålsparagrafane i barnehagen og skulen (Bostad-utvalet).

Bostad er busett på Jar i Bærum.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1999: Inga Bostad og Dag Olav Hessen (redaktørar): Et liv på mange vis: En antologi om Peter Wessel Zapffe
  • 2000: Hilde Bondvik og Inga Bostad: Tenkepauser: Filosofi og Refleksjon 1
  • 2002: Inga Bostad og Arne Næss: Inn i Filosofien
  • 2003: Hilde Bondvik og Inga Bostad: Tenkepauser: Filosofi og Vitenskapsteori
  • 2004: Per Ariansen, Inga Bostad, Steinar Mathisen og Øyvind Rabbås: Exphil 1: Tekster i filosofi og vitenskapshistorie
  • 2004: Per Ariansen, Inga Bostad, Steinar Mathisen og Øyvind Rabbås: Lærebok i filosofi- og vitenskapshistorie
  • 2005: Inga Bostad: Tro eller tvil – en rekonstruksjon av filosofisk skeptisisme
  • 2006: Inga Bostad og Tove Pettersen: Dialog og danning: det filosofiske grunnlaget for læring 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Omsett frå «Inga Bostad», innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 20:37.