Ingenmannsland
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |


Ingenmannsland er ei nemning på eit område som ligg mellom grenselinjene til to statar, eller langs fronten mellom to krigførende maktar. Då slike område ikkje er underlagt nasjonale lovbestemmelser, gjeld i staden internasjonal{{e rettsreglar og Genèvekonvensjonen. Slik er det òg ei nemning for omstridde område eller områr ein stat ikkje vil ta kontroll over då ein er usikker på kva for internasjonale reaksjonar det vil kunna frambringe.
Detta omgrepet må haldast skilt frå interregnum, som kallar tidsrommet frå døden til ein herskar eller avgang til den nye herskaren har teke over, eller det makttomrommet som oppstår når eit styre bryt saman utan at eit annan kan overta styret.
Historisk er begripe vorte brukt om eit område utanfor London, som ingen har vedkjent seg eigedomsretten til. Detta vart brukt som fyllplass og henrettelsested, der dei avretta vart hengjande til skrekk og åtvaring.
Omgrepet kom særleg i bruk under skyttergravskrigen under første verdskrig, som nemning på området mellom dei tyske og dei allierte skyttergravene. Dette området varierte mellom å vera svært smalt eller ganske breitt, men var livsfarleg å ferdast i då dei var dekt av skyttere og maskingevær frå begge sider, minelagt og fylt med piggtråd og ofte døydde soldatar. Det var gjennom desse områda kvar og ein offensiv måtte røra seg.
Under den kalde krigen låg det ei sone med ingenmannsland langs heile jernteppet, òg gjennom Berlin kor blant anna Potsdamer Platz vart liggjande i denne sona. Detta var ein del av østblokkens territorium, men dei trekte grenseinstallasjonane noko tilbake for å ha ein slik open sone med ope land, ofte fleire hundre meter breitt der dei i bakkant hadde gjerdar, vakttårn, minefelt og liknande.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ingenmannsland» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- ingenmannsland i Store norske leksikon
- ingenmannsland – militærvesen i Store norske leksikon