Inger Aufles
Hopp til navigering
Hopp til søk
Inger Aufles | |
![]() | |
Fødd | 29. mai 1941 (80 år) Valldal |
Yrke | langrennsløpar |
Inger Aufles på Commons |
Inger Reidun Aufles (fødd 29. mai 1941 i Valldal) fødd Døving, er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Ho vaks opp i Valldal der far hennar var kjent som ein dugande skiløpar med ei rad kretsmesterskap. Aufles representerte Kjærstad IL frå Mosjøen, dit ho flytte i 1961 og byrja å trene systematisk.[1] Ho vann tre olympiske medaljar:
- Gull på 3 x 5 km stafett og bronse på 10 km i Vinter-OL i Grenoble i 1968
- Bronse på 3 x 5 km stafett i Vinter-OL i Sapporo i 1972
Aufles har og ei sølvmedalje i stafett frå Ski-VM i Oslo i 1966.
I 1969 fekk ho, som den første kvinna, kongepokalen i langrenn, for sigeren på 5 km under NM i Alvdal. Ho vart og Noregsmeister på 10 km i 1968. Det året vart ho kåra til beste kvinnelege idrettsutøvaren i Noreg.
Inger Aufles' veg på Andås i Vefsn er oppkalla etter henne.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Astor Furseh: Skispor i Valldal gav OL-gull, i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000
- Store Norske Leksikon om Aufles.
- ↑ Grunn og gror. Norddal Bygdebøker. Bind IV. Valldal 1976.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kategoriar:
- Einskildkvinner
- Fødde i 1941
- Norske langrennsløparar
- Kongepokalvinnarar i skiidrett
- Noregsmeistrar i langrenn
- Olympiske meistrar for Noreg
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1968
- Norske deltakarar under vinter-OL 1968
- Langrennsløparar under vinter-OL 1968
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1972
- Norske deltakarar under vinter-OL 1972
- Langrennsløparar under vinter-OL 1972
- Folk frå Norddal