Ingrid Wigernæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Wigernæs
Ingrid Wigernæs.jpg
Fødd 22. februar 1928 (91 år)
Flagget til Noreg Hemsedal
Yrke langrennsløpar
Ingrid Wigernæs på Commons
Medaljeoversikt
Langrenn
Langrenn Verdsmeisterskap
Sølv 1966 Oslo 3 x 5 km stafett

Ingrid Wigernæs (fødd 22. februar 1928 i Hemsedal), opphavleg Ingrid Løken, er ein norsk tidlegare langrennsløpar og -trenar. Ho representerte Romerikslagets Idrettslag.

Wigernæs vann 10 km i NM på ski, nordiske greiner i 1960, 1961 og 1966, 5 km i 1964 og 1965 og var med på Romerikslagets vinnande stafettlag i 1965 og 1966. Ho var med på laget som tok sølv på stafetten i Ski-VM 1966, og deltok under vinter-OL for Noreg i 1956 i Cortina d'Ampezzo med 27. plass på 10 km og i 1964 i Innsbruck med 12. plass på 10 km og 15. plass på 5 km.

Wigernæs var ein av forgrunnsfigurane under den første suksessrike perioden innan langrenn for damer i Noreg. I 1965 og 1966 var ho både løpar og trenar på landslaget i langrenn for damer og fortsette som trenar fram til 1969, etter at ho la opp som aktiv i 1966. Ho var trenar for damene som tok gull på stafetten i 1968 i Grenoble.

Jentut'n[endre | endre wikiteksten]

Wigernæs reknast som opphavet til uttrykket jentut'n, som er Heimdalsdialekt for jentene. Ordet vart brukt av Wigernæs då ho omtalte lagveninnene på stafettlaget i VM i 1966, og seinare brukte ho det når ho omtalte landslagsjentene ho trena. Jentut'n var først klengenamnet på stafettlaget frå 1966, men seinare har orda vorte flittig brukt som «kjælenamn» på dei norske stafettlaga for damer under internasjonale renn og meisterskap.

Som fleire andre skiprofilar midt på 1960-talet, song òg ho inn ei plate. Han fekk tittelen «Jentut'n våre».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]