Skorovatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 64°38′38″N 13°6′49″E Skorovatn er ei bygd i Namsskogan kommune i Nord-Trøndelag. Bygda var eit gruvesamfunn, drifta ved gruva vart avvikla i mai 1984.

Skorovas Gruber[endre | endre wikiteksten]

Gruveinngangen er attmurt

Statsgeolog Knud M. Hauan besøkte Skorovatn i 1873 og fann då ei skjerpegrop. I 1890-åra dreiv Andreas Larsen og ein gruvearbeider ved namn Frykman undersøkingar gjennom fleire somrar, utan å finne malm. Sverre B. Steen frå Namsos fann koparmalm i 1910, og året etter gjekk han i kompaniskap med Kristian Trones og Elias Grøndal. I 1913 selde dei feltet til Det Norske Aktieselskapet for Elektrokemiske Industrier, som i 1915 stifta A/S Skorovas Gruber.

Drivverdig funn av svovelkis vart fyrst funne i 1915. Veg fram til Skorovatn låg ferdig i 1938. Førekomsten på 10 millionar tonn malm vart sett i drift i 1952. Gruva vart nedlagd i 1984. Ei taubane på 45 km frakta fram til 1976 malmen til utskiping på Kongsmoen.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste bustadhusa vart sett opp i 1936. Den store tilflyttinga kom på 1950-talet, og på det meste budde det 6-700 menneske i Skorovass, som bygda heiter på folkemunne. Samfunnhus vart bygt, og det no avvigsla Skorovatn kapell vart teke i bruk i 1965. Etter gruva vart nedlagd stupte folketalet. I dag bur det kring 50 menneske i bygda.

Hovuddelen av langrennsøvingane under Ski-NM 1967 vart arrangert i Skorovatn. Harald Grønningen vann både 15 km og 30 km.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Skorovashistorie