Inger Lise Gjørv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inger Lise Gjørv
Fødd26. mai 1938
Død28. mars 2009
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling

Inger Lise Gjørv (26. mai 193828. mars 2009) var ein norsk politikar og fylkesmann frå Oslo. Ho representerte Nord-Trøndelag og ArbeidarpartietStortinget i 16 år.

Inger Lise Strand var lækjardotter, utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo 1962. Ho var adjunkt ved Steinkjer gymnas 1963-77 og kulturkonsulent i Nord-Trøndelag fylke 1976–1981. Politisk engasjerte ho seg på 1970-talet aktivt mot norsk medlemskap i EF, seinare var ho aktiv i fredsrørsla og kampanjar mot atombomba.

Gjørv vart vald på inn på Stortinget for Nord-Trøndelag i 1977, ho var den fyrste kvinna som representerte fylket på Stortinget. Sidan vart ho attvald ved dei tre påfylgjande stortingsvala. I den fyrste fireårsperioden var ho medlem i Administrasjonskomiteen, deretter i to periodar, 1981-85 og 1985–89, var ho medlem i Energi- og industrikomiteen. Den siste fireårsbolken, 1989-93, var ho president i Odelstinget, dessutan var ho medlem av Justiskomiteen og av dei mindre viktige komiteane Fullmaktskomiteen og Valkomiteen.

Ho gjekk ut av Stortinget hausten 1993 og vart då fylkesmann i Nord-Trøndelag, ei stilling ho var utnemnd til allereie i 1991. Gjørv vart verande fylkesmann til ho runda 70 år i 2008. Ho var gift til garden Gjørv i Inderøy og budde der til sin siste sjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]