Ingrid Eide
| Ingrid Eide | |||
| Fødd | 12. juli 1933 (93 år) | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | sosiolog, politikar | ||
| Institusjonar | Universitetet i Oslo Dei sameinte nasjonane | ||
| Utdanna ved | Columbia University Universitetet i Oslo | ||
| Ektefelle | Johan Galtung, Sverre Lodgaard | ||
| Barn | Andreas Galtung | ||
| Alle verv |
| ||
Ingrid Eide (fødd 12. juli 1933) er ein norsk politikar og sosiolog. Ho var sentral i grunnleggjinga av Institutt for fredsforskning (PRIO) i 1959, og arbeidde i fleire år ved instituttet. Ho var av avgjerande tyding for PRIO sin kontakt med fredsrørsla og kvinnerørsla. Seinare var ho i mange år amanuensis i sosiologi ved Universitetet i Oslo.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]I 1960 tok ho ei magistergrad i sosiologi ved Universitetet i Oslo, og frå 1973 til 1976 var ho statssekretær i Kyrkje- og undervisingsdepartementet.[1]
Eide har vore gift med Johan Galtung og Sverre Lodgaard. Ho er mor til juristen Andreas Galtung.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Eide var vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet frå Oslo frå 1977 til 1985, der ho møtte for Knut Frydenlund og Sissel Rønbeck. Frå 2007 sat ho i Oslo bystyre for Arbeidarpartiet. Eide har òg ei omfattande internasjonal yrkesrøynsle, mellom anna frå UNESCO og som direktør i UNDP, FN sitt program for kvinner og utvikling. Ho var òg sentral i Internasjonal kvinneliga for fred og fridom i Noreg, saman med Johanne Reutz Gjermoe.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Midtbøen, Arnfinn H. (2010). «Portrett: Ingrid Eide» (PDF). Sosiolognytt (4): 15–21.
- ↑ Portretter fra norsk historie. Oslo: Universitetsforl. 1993. s. 198. ISBN 8200211738.
- Denne artikkelen bygger på «Ingrid Eide» frå Wikipedia på bokmål, den 5. november 2022.