Johan Galtung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Galtung

Fødd24. oktober 1930
Oslo
Død17. februar 2024
Bærum kommune
NasjonalitetNoreg
Områdeinternasjonale relasjonar, Freds- og konfliktforskning, statsvitskap, matematikk, sosiologi, litteratur, fred, konflikt
Yrkematematikar, statsvitar, sosiolog, universitetslærar, skribent
InstitusjonarUniversitetet i Groningen
Kwansei Gakuin University
International Christian University
Sōkauniversitetet
Chūō-universitetet
Ritsumeikan-universitetet
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleIngrid Eide
BarnAndreas Galtung
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Johan Galtung, nummer to fra venstre, og venner. Kilinochchi, Des. 04/Jan. 05

Johan Galtung (fødd 24. oktober 1930) er ein norsk samfunnsforskar og professor i fred og konfliktløysing.

Galtung er fødd i Oslo og utdanna seg som sosiolog og matematikar. Han peika seg etter kvart ut som ein pioner innan freds- og konfliktforsking, mellom anna ved å grunnleggja fredsforskingsinstituttet PRIO i Oslo, det første av sitt slag i Europa. Han er direktør for det internasjonale TRANSCEND-nettverket for fred og utvikling og grunnleggjar av Transcend-metoden. Han har verka som meklar i over 40 konfliktar, som i Sri Lanka, Afghanistan, Nord-Kaukasus og Ecuador.

I 1987 fekk Galtung den såkalla «alternative Nobelprisen».

Galtung gav ut sjølvbiografien Johan uten land. På fredsveien gjennom verden, som han fekk Brageprisen for, i 2000. Han har òg gjeve ut barneboka En flyveappelsin forteller i 2004.

I 2011 vart Galtung skulda for antisemittisme etter eit foredrag ved Universitetet i Oslo[1] og eit innlegg i tidsskriftet Fri Tanke der han mellom anna tala om «jødemakt».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. journalist, KRONIKKJohn FærsethMedieviter og (5. oktober 2011), «Galtung leker med ilden», Dagbladet.no (på norsk), henta 11. januar 2019 
  2. Søderlind, Didrik, «Humanists redaktør: - Derfor trykket vi Galtungs innlegg», Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk (på norsk), henta 11. januar 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]