Ingrid Sandvik
Ingrid Sandvik | |||
Fødd | 2. juni 1921 | ||
---|---|---|---|
Død | 16. juni 1976 (55 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, husmor | ||
Alle verv |
Ingrid Sandvik (2. juni 1921–16. juni 1976) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var fyrste kvinne til å bli medlem av kommunestyret og ordførar i Orkdal kommune, og møtte på Stortinget som vararepresentant.
Sandvik kom tidleg med i AUF, og blei vald inn som den fyrste kvinnelege kommunestyremedlemmen i Orkdal i 1956. Ho blei varaordførar i 1967, og rykte opp som ordførar då Kolbjørn Larsen døydde i 1968. Ho blei attvald året etter, og var på denne tida den einaste kvinnelege ordføraren i Noreg. Ho var også varaordførar i Sør-Trøndelag fylkeskommune og medlem i fylkesskulestyret.[1][2][3] Sandvik var ordførar til 1975.
Sandvik var vararepresentant nr. 2 for Sør-Trøndelag i stortingsperiodane 1969–1973 og 1973–1977. Ho møtte i to månader hausten 1970 og enkelte andre kortare periodar for Liv Aasen, og sat i Stortingets samferdslekomité i sin fyrste periode, og Kyrkje- og undervisingsdepartementet i sin andre periode.[4]
Sandvik sat som ordførar i Orkdal fram til 1975, då ho trekte seg frå aktiv politikk som følge av helsemessige årsaker. Ho døydde av sjukdom året etter, 55 år gammal.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ordførervalgene i Sør-Trøndelag». Adresseavisen, 25. november 1967.
- ↑ «Kommunal mor for hele bygda: Dagbladet følger landets eneste kvinnelige ordfører gjennom en arbeidsdag». Dagbladet, 5. september 1970.
- ↑ 3,0 3,1 «Dødsfall». Aftenposten, 19. juni 1976.
- ↑ Nordby, Trond, red. (1985). Storting og regjering. Kunnskapsforl. s. 627. ISBN 8257302651.
- Denne artikkelen bygger på «Ingrid Sandvik» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]