Orkdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orkdal kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sør-Trøndelag
Adm.senter Orkanger
Areal 594 km²
 - land 567 km²
 - vatn 27 km²
Folketal 11 779 (1. januar 2016)
Folketettleik 21 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Oddbjørn Bang (Sp)
Kommunenummer 1638
NO 1638 Orkdal.svg
Wikimedia Commons: Orkdal

Orkdal er ein kommune i Sør-Trøndelag fylke. Han grensar i nord til Snillfjord og Agdenes, i vest mot Hemne, i sør mot Rindal (i Møre og Romsdal) og Meldal og i aust mot Melhus og Skaun.

Tettstader i Orkdal er Orkanger, Gjølme, Fannrem, Vormstad og Svorkmo. Orkanger er regionsenter for kommunane rundt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva Orkla renn gjennom kommunen og ut i Orkdalsfjorden ved kommunesenteret Orkanger. Orkdalsfjorden er ein sidefjord til Trondheimsfjorden.

Det er mykje dyrka mark i Orkdal. Ho finst hovudsakleg i botnen av dalen og på store, flate avsatsar eit stykke oppe i dalsidene. På lokal dialekt blir ein slik avsats kalla ein «jår», og i Orkdal er det seks «jårar»; Ustjåren, Berbusjåren, Kvålsjåren, Togstadjåren, Monsetjåren og Fossjåren.

Elvar, fjell og vatn i Orkdal[endre | endre wikiteksten]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Orkanger ligg industriområdet Grønøra. Dette er eit av dei største industriknutepunkta ved Trondheimsfjorden.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Helse[endre | endre wikiteksten]

Orkdal sjukehus er lokalsjukehus for regionen. Det heitte tidlegare Orkdal Sanitetsforenings Sjukehus og var eigd av den lokale sanitetsforeininga, men er i dag ei avdeling under St. Olavs hospital.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Thamshavnbanen frå Løkken Verk i Meldal og ned til Trondheimsfjorden i Orkdal kommune er no nedlagt, men ei kortare strekning er gjenopna for turistar.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Tusenårsstaden i kommunen er stasjonsområdet på Fannrem. Dette inkluderer gamle Fannrem jernbanestasjon, Stasjonsparken, samt den gamle brannstasjonen.

I parken er det bygd musikkpaviljong, leikeapparat, bord og benkar. Sentralt plassert i parken er skulpturen «Go'foten», eit handfast bevis på Nils Arne Eggen sin «godfotteori». Tusenårstreet til kommunen er òg planta her.

Tusenårsstaden er hyppig bruka til ulike arrangement og føremål gjennom året: Parkrennet, 17. mai-feiring, Stasjonsdagen, Husflidsdagen, Oktoberfestivalen, julegrantenning, veteranbilutstilling, museumsjarnbane, husflid med meir.

Fannrem Velforening har ansvaret for den daglege drifta og vedlikehaldet av staden.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjende orkdalingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]