Ingvald Svinsås-Lo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingvald Svinsås-Lo
Fødd26. desember 1897
Død1. juni 1980 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Ingvald Svinsås-Lo (26. desember 18971. juni 1980) var ein gardbrukar og politikar frå Meldal. Han var ordførar 1934-37 i Meldal kommune og stortingsrepresentant 1945-49 frå Sør-Trøndelag, vald for partiet Venstre.

Svinsås-Lo tok eksamen ved Sunnmøre småbrukarskule i 1917, og ved Sør-Trøndelag fylkes landbruksskole i 1919. Frå 1925 til 1959 dreiv han garden Lo i heimbygda.

Svinsås-Lo var medlem i Meldal kommunestyre 1928-40 og 1945-59, ordførar 1934-37. Til sine tider var han formann i bustadbanknemnda, jordstyret og skogrådet i Meldal kommune. Han var styremedlem 1938-60 i A/L Bøndernes Salgslag, dei siste 10 åra styreformann i salslaget. Også styremedlem 1938-67 i Meldal sparebank, styreformann 1958-67.

Hausten 1945 vart Svinsås-Lo vald til å representere Venstre og Sør-Trøndelag på Stortinget. På Tinget var han sekretær i Militærkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]