Inkrustering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinesisk spegel med inkrusterte dekorasjonar i gull og sylv.

Inkrustering er ein overflateteknikk innan arkitektur, møbeldesign og anna dekorativt arbeid. Ved inkrustering graverer, risser eller skjer ein eit mønster i ei overflate og fyller det met eit materiale, som kritmasse, stein eller metall.[1] Fyllmaterialet kan vera i delvis flytande tilstand når det blir lagt ned i stein, bein og andre harde underlag.[1]

Skrivebord (sekretær eller bonheur-du-jour) med inkrustering frå slottet i Versailles.

I europeisk samanheng blei teknikken særleg nytta på 1500- og 1600-talet.[1]

Mosaikk og nærskylde teknikkar blir rekna som former for inkrustering.[1] Vanleg innlegging av finér blir ikkje rekna som inkrustering, men blir kalla intarsia.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Inkrustering