Innerst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein innerst (innerstmann, innerstkone) er ei forelda nemning for ein person på landet som leiger seg inn hos husmann eller bonde utan sjølv å leige jord, men som har sitt eige hushald.

Innerstfolk eller ein innerstfamilie var tilsvarande eit par eller ein familie som leigde seg inn og hadde eige hushald. I folketeljinga frå 1801 var om lag 15 000 personar registrerte som innerstar. Hundre år seinare var om lag 10 000 registrerte som innerstar. Tala seier ikkje noko om talet på innerstar - talet på innerstar kan ha vore mykje høgre, sidan mange innerstar kunne verte førte med anna yrke i rubrikken. Men tala kan seie noko om bruken av omgrepet.

Ordet kjem frå dansk inderst(e), som er ei omlaging av lågtysk 'insate', 'insete', eigentleg «innesitjar».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]