Innsatsstyrke Bjørn West

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innsatstyrke Bjørn West
LandNoreg
Aktiv2004–i dag
GreinHeimevernet
TypeKompani
RolleInfanteri
Storleikca 300 soldatar
Del avBergenhus Heimevernsdistrikt 09
Garnison/HKUlven leir

Innsatsstyrke Bjørn West er éin av 15 innsatsstyrkar i Heimevernet. Styrken er innkvartert ved Flesland flyplass militære område, og trener primært i Hordaland. Likevel skal styrken vera innsatsklar i heile landet ved krisesituasjonar, nødkatastrofar eller ved total krig. Bjørn West har kompanistorleik, med om lag 300 soldatar, og er organisert som ein vanleg infanteribataljon. Bjørn West er sjølve spydspissen i Heimevernsdistrikt 09.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Jegertropp[endre | endre wikiteksten]

Hovudoppgåva til troppen er å innhenta opplysningar om motstandaren, ofte bak «fiendens linjer». Primærfunksjonane er oppklaring og overvaking frå observasjonspostar (OP), i tillegg til kontroll- og kontaktpatrulje. Jegersoldatane opptrer ofte i små patruljelag, men må òg kunne arbeida sjølvstendig. Ved oppklaring av eit område eller ein teig, vil jegerlaget arbeida til fots for å spora fiendtleg aktivitet.

Skarpskyttartropp[endre | endre wikiteksten]

Skarpskyttartroppen i Bjørn West driv med styrkevern av eigne innsatstroppar. Skarpskytterne skal vera i stand til å operera over lengre tid utan etterforsyning og under enkle tilhøve. Soldatane er utstyrt med skarpskyttarrifle HK417.

Ein skarpskyttar frå Bjørn West med HK417.

Innsatstroppane[endre | endre wikiteksten]

Bjørn West har fleire innsatstroppar. Sjølve grunnstammen i styrken er desse troppane. Dei har som oppgåve å sikra objekt, utøva styrkevern, vegkontrollpost, isolera, pågripa og eventuelt kjempa eventuell fiendtleg styrke. I kvar innsatstropp finst geværlag, kanonlag og oppklaringslag.

Innsatstropp 1 i Bjørn West er ein spesielt utvalt tropp som øver fleire dagar i året enn dei andre troppane.

Sambandstropp[endre | endre wikiteksten]

Bataljonen, som vart oppretta i 1947, held til ved Skjold leir i Troms. Bataljonen skil seg kraftig frå dei andre manøverbataljonane sidan avdelinga er upansra og består hovudsakleg av vernepliktig personell.[1] Medan «nabobataljonen» aukar talet på verva soldatar, vil 2. bataljon vidareførast som ein verneplikt-basert bataljon. Avdelinga går også under namnet Infanteribataljonen grunna det store fokuset på fotsoldatar. Sidan 2. bataljon spesialiserer seg på arktisk krigføring og forsvarsstrid, er avdelinga ein sentral aktør i innanriksforsvaret. Likevel var ikkje avdelinga ein uviktig aktør i Noreg sitt bidrag til NATO-styrkane i Afghanistan. Tenesta er ifylgje Forsvaret utfordrande og skal siktast inn mot oppdrag frå reine kampsituasjonar til handtering av oppdrag i fredsstøtteoperasjonar.[2]

  1. Ege, Rune Thomas (23. mars 2012), «Slik blir fremtidens forsvar», Verdens Gang, henta 29. desember 2014 
  2. ««2. bataljon»». Forsvaret. Henta 23. desember 2014.