Panserbataljonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Panserbataljonen
Panserbataljonen-(PBN).png
Land Noreg
Aktiv1987–no
Grein Hæren
Type Bataljon
Rolle
Storleik600 soldatar
Del av Brigade Nord
Garnison/HKSetermoen garnison[1]
Motto«Bitit Fyrst» (norrønt: Slå først)
KallenamnMinkebataljonen og Bn 1
Beretflash

Panserbataljonen (PBN) er ein av tre manøverbataljonar i Brigade Nord. Bataljonen er organisert og oppbygd på same måte som Telemark bataljon, med stridsvogner og stormpanservogner. Sjølv om bataljonen er kategorisert som ei kavaleriavdeling, består bataljonen hovudsakleg av mekanisert infanteri. Bataljonen er oppfatta som kavaleri for seremonielle formål, og soldatane vert difor omtalt som «dragonar» i staden for «meinige».[2]

Panserbataljonen held til på Setermoen garnison i Bardu kommune i Troms.[1] Panserbataljonen vert ofte kalla «Hærens knyttneve» og fungerer enno som den første bataljonen i Brigaden.[3]

Operasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Til konflikten i Kosovo stilte Stormeskadron 3 med bidrag til KFOR i august 2000 til juni 2001. Offiser Frode Ommundsen stod for leiinga av operasjonen.
  • Frå juli 2002 til juli 2003 bidrog Stormeskadron 3 til KFOR VI.[4]
  • Stormeskadron 3 drog til Afghanistan i 2005, der dei får ansvar over provinsen Kabul.[5] Etter utført rekrutt får dragonane utdelt den svarte bereten, som er tradisjonelt bereten til kavaleriet. Fram mot 2020 skal Panserbataljonen skal inngå i den hurtige reaksjonstyrken til Hæren i nord, HRS-Nord, som vil auka Brigade Nords reaksjonsevne i Nord-Noreg.[1][6]


Dragonar frå Stormeskadron 3 handterer eit maskingæver under øvelse Ulv i 2010.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

29. januar 1987 hadde Panserbataljonen si første oppstilling på Fossmofeltet i Målselv kommune.[7] Gjennom mange år hadde Hæren jobba med å sameina kavaleri med infanteri på bataljonsnivå.

Før Brigaden i Nord-Norge skipa til ein panserbataljon i 1987, bestod brigaden av to infanteribataljonar. Desse bataljonane bestod av tre geværkompani, med infanteristar, og støttekompani. Stortinget oppretta ein forsvarskommisjon som allereie i 1974 uttrykte eit mål om å etablera ein såkalla panserforsterka brigade, gjennom å gjera om ein av infanteribataljonane til ein panserbataljon. Han skulle bestå av stridsvognseskadronar og mekaniserte infanterikompani – altså stormeskadronar. I 1975 utløyste signala frå Kommisjonen ei omfattande oppfølgingsverksemd frå kavaleriet i Hæren. Stridsvogneskadronar og infanterikompani hadde ein lang erfaring med frå før av – men berre som sjølvstendige avdelingar, underlagt eigne kommandoledd. Utfordringa var òg å etablera «Stormeskadronen», eit mekanisert infanterikompani. Panservogna M113 har vore i bruk i Hæren sidan 1964. 52 nye vogner vart kjøpt inn og ombygd til stormpanservogner NM 135. Stormpanservogna var utstyrt med ein 20 mm maskinkanon, 7,62 mm mitraljøse (MG 3) og eit rom der det var plass til eit infanterilag. I 1982 stod vognene klare. Utover 80-talet vart stormtroppane fordelt ut på stridsvognseskadronane i Hæren. Nye ombygde M113-vogner, med namn NM 142 panserjager, vart òg brukt til panservern. Desse vognene med 90 mm kanon skulle ta ut fiendtleg panserkøyretøy.[8]

Ein kan seia at Panserbataljonen er ei vidareføring av Infanteribataljon nr. 1, som på den tida bestod av infanteri- og støttekompani.[9] Minken, som er avdelingsmerket til Panserbataljonen, har dei arva frå 1. infanteribataljon. I 1987 vart infanteribataljonen slått saman med Stridsvognseskadron (strvesk/Brig N/TLF) som heldt til i Bardufoss. Infanteribataljonen fekk altså tilført eit kompani med Leopard stridsvogner, og hadde si første oppstilling som ein panserbataljon Bataljonen skulle opphavleg romma to stormeskadronar, men av økonomiske årsaker opererte Panserbataljonen berre med Stormeskadronen. Den andre eskadronen, Stormeskadron 4, vart først oppretta i august 1994.[9] I byrjinga var det mykje forsøk på korleis infanteri skulle operera saman med stridsvogner. Ulike panservogner vart prøvd ut og brukt, blant anna NM 135, før Stormeskadronen tok i bruk stormpanservogna CV 9030N i 1999.[9][10] I 2005 vart bataljonen slått i hop med Kavaleribataljonen, som bidrog blant anna med ein kavalerieskadron.

Minkebataljonen[endre | endre wikiteksten]

Panserbataljonen er ein kompleks avdeling, og dei opererer sjeldan åleine. Under utanlandsoppdrag er ofte Panserbataljonen assistert med ekstra støtte frå Ingeniørbataljonen, Sanitetsbataljonen, Stridstrenbataljonen og Artilleribataljonen, i eit såkalla samvirkesystem. Dette er på grunn stort behov for brulegging, førstehjelp, eldstøtte og forsyning.[11] Andre element kan òg støtta avhengig av oppdrag; ofte er operasjonar avhengig av militærpoliti. Heile samvirkesystemet i sin heilskap går ofte under namnet Minkebataljonen.

Operasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Til konflikten i Kosovo stilte Stormeskadron 3 med bidrag til KFOR i august 2000 til juni 2001. Offiser Frode Ommundsen stod for leiinga av operasjonen.
  • Frå juli 2002 til juli 2003 bidrog Stormeskadron 3 til KFOR VI.[4]
  • Stormeskadron 3 drog til Afghanistan i 2005, der dei får ansvar over provinsen Kabul.[5] Året etter vert eskadronen støtta av Telemark bataljon med eit infanterikompani til Kabul.[12]

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Bilete av ein CV 9030N Stormpanservogn frå Cold Challenge i 2007.

Panserbataljonen består av fem eskadronar og ein bataljonstab.

Bataljonstab[endre | endre wikiteksten]

Bataljonstaben er leiinga i Panserbataljonen. På oppdrag er staben i kommandoplassen og kan gjennom samband føra striden. Oberstløyntnant Einar Aarbogh er bataljonsjef.

Kavalerieskadron 5[endre | endre wikiteksten]

Blue 004DFF.svg

Eskadronen går under forkortingane ESK5 og Kavesk, og er eit oppklaringskompani. ESK5 består av to troppar: Ein pansra oppklaringstropp og ein patruljetropp. Patruljetroppen har som oppgåve å vera augo til bataljonen. Dei er utstyrt med 6-hjulingar og snøskuterar. I felt opererer dei i mindre lag, ofte færre enn fem. Laga byggjer observasjonspostar (OP) og har optikk på fienden. Dei har òg kapasitet til å gå patrulje, for å kartleggja fiendtlege posisjonar. Pansra oppklaringstropp er utstyrt med stormpanservogner med mekanisert infanteri, og er ofte dei første som kjem i stridskontakt. I tillegg har eskadronen ein stab med eige relé og som har kapasitet til å bruka overvakingsdronar. Rolla til ESK5 er å henta informasjon om fienden.[7] Eskadronsfargen er blå.

Stridsvognseskadron 2[endre | endre wikiteksten]

Labour Party (UK) color.svg

Den andre eskadronen, ESK2, er primæreskadronen. Eskadronen består av to troppar oppsatt på stridsvogn Leopard 2, som er Hærens hovudkampsystem.[13] ESK2 består òg av ein stab som er oppsatt på panservogn M113. ESK2 er fundamentet i avdelinga med sine stridsvogner, og er kritisk for Panserbataljonen i strid. Eskadronen har flest verva, profesjonelt personell i forhold til dei andre eskadronane. Mottet til ESK2 lydar «Vi er allerede der». Avdelingsmerket deira er ein svart riddarhjelm på raud bakgrunn.

Stormeskadron 3[endre | endre wikiteksten]

Yellow column.png

Eskadronen, ESK3, er den eldste avdelinga i Panserbataljonen, oppretta 1986, og var difor eit kompani i 1. infanteribataljon ein kort periode. På grunn av dette har ESK3 berre gått under namnet Stormeskadronen. Rolla til eskadronen er å støtta ESK2 med stormpanservogner CV 9030N med mekaniserte infanterilag.[7] Stormsoldaten held seg inne i stormpanservogna når troppen flyttar seg, og hoppar av til fots på ordre. Stormsoldatane er utstyrt med semi-automatiske rifler, maskingevær, lette granatkastarar og panserøydeleggjande våpen.[14] Mottoet til ESK3 er «Semper Paratus» (latin: «Alltid klar»). Emblemet deira er ein ulv på gul bakgrunn. Stormsoldatane kallar seg for «ulvar» og «ulveflokkar».

Ulv på gul bakgrunn er avdelingsmerket til Stormeskadron 3.

Stormeskadron 4[endre | endre wikiteksten]

Green 1F833C.svg

ESK4 har same rolla som Stormeskadron 3, men er noko yngre enn ESK3. Eskadronen består av to troppar med mekanisert infanteri oppsatt til fots eller på stormpanservogner CV 9030N. Stormsoldatane i begge stormeskadronane kan òg utføra sjølvstendige oppdrag utan støtte frå stormpanservognene. Rydda løpegravsystem eller strid i urbant terreng er eksempel på dette. Det er krevjande både fysisk og psykisk å vera stormsoldat: Ein må kunna sanitet, nærkamp og ha kjennskap til mange ulike våpen.[14] Stormpanservognene har kapasitet til å føra vognstrid. Avdelingsmerket er grønt med svart jerv. Mottoet til ESK4 er «Gul ad arma, plus ultra» (latin for «Jerv til åtak, hald fram»), som refererer til eskadronen sin evne til å pressa fram i strid.

Kampstøtteeskadron 6[endre | endre wikiteksten]

Black column.png

Den femte eskadronen, ESK6, er den største og mest komplekse eskadronen. ESK6 er eit logistikk-kompani som består av fire troppar med kapasitet innafor bombekast, samband, sanitet, reperasjon, logistikk, forsyning og berging. Soldatane er oppsatt på tyngre køyretøy som beltevogn BV206, panservogn M113 og Scania P93, men òg lettare køyretøy som snøskuter og sekshjuling.[7] Kommandoplasstroppen stiller kommandoplassen og basen til bataljonstaben under oppdrag. Troppen har også relélag, som stiller samband for heile Panserbataljonen. Relélaga nyttar både beltevogner og lettere terrengkøyretøy (LTK), men må vera førebudde på å gå til fots. I visse samanhengar tek dei i bruk helikopter. Sanitetstroppen er oppsatt på M113 panservogner og fylgjer kvar eskadron. Dette fører til at troppen er tett opp i striden. Bombekastartroppen (BK) assisterer med eldstøtte på oppdrag, av typen 81 mm bombekastargranatar. Stridstrentroppen si rolle er å forsyna eskadronane med ammunisjon, mat og anna utstyr. I tillegg reparerer dei kjøretøy og materiell for alle eskadronar, og driv med berging av vogner som har køyrt seg fast. Avdelingsmerket er ein isbjørn på svart bakgrunn. Mottoet er «Volens og potens» (latin for «Evne og vilje»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Panserbataljonen». Forsvaret. Henta 12. januar 2015. 
  2. Olsen, Stephen (2013), «Pansersystemet» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 9 2011), s. 76, henta 21. oktober 2015 
  3. «Panserbataljonen introduksjon». YouTube. Henta 29. november 2014. 
  4. 4,0 4,1 Sjøstrøm, Geir (2014), «KFOR», Stormeskadron 3, henta 4. desember 2014 
  5. 5,0 5,1 Sjøstrøm, Geir (2014), «Afghanistan 2005», Stormeskadron 3, henta 4. desember 2014 
  6. Clausen, Einar Holst (3. mai 2013), «Panserbataljonen dro sørover for å øve» (PDF), Offisersbladet, henta 29. november 2014 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Panserbataljonen». Forsvaret. Henta 12. januar 2015. 
  8. Jensen, Åke F. 1994, s. 727–730.
  9. 9,0 9,1 9,2 Sjøstrøm, Geir (2014), «Opprinnelsen», Stormeskadron 3, henta 4. desember 2014 
  10. Jensen, Åke F. (1995), «Virksomhet – utvikling – sammendrag», Kavaleriet i Norge 1200–1994 (1. utgåve), s. s. 727 
  11. Olsen, Stephen (2013), «Pansersystemet» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 9 2011), s. 76, henta 21. oktober 2015 
  12. Leraand, Dag (28. oktober 2014), «Telemark Bataljon», Store Norske Leksikon, henta 3. desember 2014 
  13. Olsen, Stephen (2013), «Pansersystemet» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 9 2011), s. 76, henta 21. oktober 2015 
  14. 14,0 14,1 «Stormsoldat». Forsvaret. Henta 29. november 2014. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jensen, Åke F. (1995): Kavaleriet i Norge 1200–1994: Utvikling og innsats gjennom 800 år. 1. utgåve. Oslo: Elanders Forlag ISBN 82-90545-43-6