Innvik prestegjeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°51′19″N 6°37′1″E

Innvik prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkja. Innvik låg under Nordfjord prosti i Bjørgvin bispedøme.

Fram til og med 1842 femnde Innvik prestegjeld sokna Innvik, Olden, Utvik, Nedstryn, Oppstryn og Loen. Då vart Loen, Nedstryn og Oppstryn skild frå som det nyoppretta Stryn prestegjeld.[1] Frå 1843 til prestegjeldsordninga vart nedlagd i 2004 var det sokna Innvik, Olden og Utvik som utgjorde Innvik prestegjeld.[2]. Prestetenesta i området er frå 2004 leia av prosten i Nordfjord.

formannskapslovene vart innførde i 1838 vart Innvik eige formannskapsdistrikt. Innvik prestegjeld hadde frå reformasjonen til og med 1842 i hovudsak same utstrekkinga som Stryn kommune har i dag.[2]

Innvik kyrkje i Innvik var hovudkyrkje i prestegjeldet, og presten hadde bustad på Innvik prestegard. Dei andre soknekyrkjene i prestegjeldet var frå 1842 Utvik kyrkje og Olden kyrkje. Før 1842 høyrde også Loen kyrkje, Nedstryn kyrkje og Oppstryn kyrkje inn under området til Innvik-presten.

Namnet vart på dansk skrive Indvigens prestegjeld og seinare Indviken prestegjeld[3].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane (Arkivert utgåve hjå Web Archive)». Arkivverket. Henta 8. februar 2012. 
  2. 2,0 2,1 Olav Jakob Tveit (1998). «Vikane». Indre Nordfjord (3 utg.). Oslo: Lunde. s. 145. 
  3. I. Geelmuyden (1870). Kortfattet statistisk Haandbog over Kongeriget Norges Inddelinger i administrativ, retslig og geistlig Henseende, m.m., efter officielle Kilder. Bergen. s. 36. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]