Iokaste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Oedipus Separating from Jocasta
Gjeteren Phorbas reddar Iokastes son Oidipus, skulptur av Antoine-Denis Chaudet

Iokaste eller Jokaste (gresk: Ἰοκάστη), òg kalla Epikaste (Ἐπικάστη) var i gresk mytologi dotter av Menoeceus og dronning av Thíva i det antikke Hellas. Ho var gift med kong Laios og vart etter hans daud gift med sin eigen son Oidipus (Ødipus) utan å vita at dei var i slekt. Ho var syster til Kreon som etterfulgte Oidipus som konge i Theben. Den greske dramatikeren Sofokles har skildra historia i tragedien Kong Oidipus.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Laios vart som ung fordrive frå Theben av Amphion og Zethus, og han fekk opphald hos Pelops, kongen av Pisa på Peloponnes. Under sit opphald der skulle han læra Pelops’ son Khrysippus vognkjøring, men Laios forelska seg i guten, bortførde han og voldtok han.[1] Denne bortføringen skal ha vore tema i ein av dei tapte tragediane til dramatikeren Evripides. Etter at Amphion og Zethus var døydde drog Laios attende til Theben og vart utropt til konge der.

Oidipus’ ulukke[endre | endre wikiteksten]

Etter voldtekten av Khrysippus gifta Laios seg med Iokaste, dotter av Menoeceus, ein tilhengjar av Spartoiene. Laios skal ha fått ein spådom frå orakelet i Delfi som fortalde han at han ikkje måtte få barn, fordi barnet ville drepa han og gifta med seg hans kone. I ein annan versjon av historia, fortalt av diktaren Aiskhylos, vert Laios åtvara om at han berre kan redda byen viss han døyr barnløs. Ei natt var likevel Laios rusa og vorte med barn, sonen Oedipus med Iokaste. På Laios’ ordre vart den nyfødde Oidipus sett ut på fjellet Kithairon med føtene bunde, men han vart funnen av ein gjeter og gjeve til kong Polybus og dronning Merope av Korint som oppdrog han til han vart vaksen.[2].

Då Oidipus ynskte å vita meir om foreldra sine, rådførde han seg med orakelet i Delfi, berre for å forteljast at han ikkje må gå til sin heim fordi han då ville koma til å drepa far sin og gifta seg med seg si mor. Oidipus trudde at han var frå Korint og drog difor mot Theben å unngå denne skjebnen.[3] På vegen dit møtte han Laios, som skulle til Delfi for å konsultera orakelet fordi han hadde motteke varsel som indikerte at sonen skulle koma tilbake for å drepa han. Oidipus nekta å bøya seg for kongen, sjølv om Laios ledsagere beordra han til det. Laios vart sint og køyrde over foten hans med vognhjulet, og Oidipus drap Laios og alle unntatt ein av hans tenarar. Laios vart gravlagt der han døydde. Seinare vart Theben forbant med ein sjukdom fordi hans mordar ikkje vart funnen og straffa .

Oidipus, som stadig ikkje visste kven hans foreldre var, vart konge i Theben etter Laios, gifta seg med enka Iokaste utan å vita at det var hans eiga mor og fekk fira barn med ho, Antigone, Ismane, Polyneikes og Eteokles. Då sanninga etter kvart gjekk opp for Iokaste, styrta ho inn i sit sovekammer og hengde seg. Oidipus straffa seg sjølv ved å stikka ut auga sina. Han forlét Theben og overlét styret til sina søner og vandra resten av sit liv som tiggjar, leidde av si dotter Antigone. Den mytiske historia er fortald av Sofokles i tragedien Kong Oidipus og i den etterfølgjande Oidipus i Kolonos.

Iokastes barn[endre | endre wikiteksten]

I tragedien Oidious i Kolonos vert Antigone framstelt som den oppofrende og lojale dotter som står ved sin ulykkelige fars sida og leier han på sin vandring. Systera Ismane har ein meir forsiktig og perifer rolle.

Sønene Polyneikes og Eteokles deler først kongemakta, men Eteokles jagar etter kvart sin bror vekk. Polyneikes samlar ein hær frå sju kongerike og angrip Theben. (Ref. Aiskhylos’ tragedie Dei sju mot Theben). Slaget endar med at dei to brørne drep kvarandre, og Iokastes bror Kreon overtek kongemakta.

I Sofokles tragedie Antigone er Oidipus død, og Antigone dreg attende til Theben for å gravleggja sin bror Polyneikes. Kreon har gravlagt Eteokles, men late likt av åtakaren Polyneikes liggja for dyr og åtselfuglar. Antigone freista å gravleggja han og Kreon dømde ho til døden. Ho var òg forlovd med Kreons son Haimon og Sofokles' drama endar med at Kreon ombestemmer seg og beordrar Polyneikes gravlagd slik at han kan koma til dødsriket. Det er likevel for seint. Antigone har hengt seg, hennes trulova Haimon begår sjølvmord, og til slutt begår òg Kreons hustru Eurydike sjølvmord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Apollodorus, Library, 3.5.5
  2. Apollodorus, Library, 3.5.7
  3. Apollodorus, Library, 3.5.7