Antigone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antigone

Antigone av Frederic Leighton (1882)
LandTheben
MorIokaste
FarØdipus

Antigone (gresk Ἀντιγόνη) er ein figur frå gresk mytologi. Ho er dotter av kong Ødipus og kona hans Iokaste, og syster av Polyneikes, Eteokles og Ismene.[1] Ho er kjend for den usvikande lojaliteten og kjærleiken til den blinde fare sin, og at ho ville gje broren Polyneikes ei skikkeleg gravferd til trass for at han hadde forråda Theben.

Sjølv om kongen og morbroren hennar, Kreon, hadde lagt ned forbod, gravla Antigone bror sin. Som straff blei ho dømt til å bli levande gravlagd. Antigone var trulova med sonen til Kreon, Haimon, og han braut opp hola der Antigone var innesperra. Han kom fram for seint, for Antigone hadde då teke livet av seg. I fortviling tok også Haimon sitt eige liv. Til sist tok kona til Kreon, Evrydike, også livet av seg, og den angrande Kreon stod åleine att.

Forteljinga om Antigone er del av ei gruppe greske tragediar kalles Theben-krinsen, det vil seia tragedien rundt den mytiske herskarslekta i det antikke kongeriket Theben. Ho er særleg kjend frå skodespelet Antigone av Sofokles, som er det tredje i ein trilogi som byrjar med Kong Oidipus og held fram med Oidipus i Kolonos.

Antigone i musikken[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roman, L., & Roman, M. (2010). Encyclopedia of Greek and Roman mythology., p. 66, på Google Books