Isdrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isdrift på Lake Saint Clair i Michigan, USA, rundt 1905.
Istransport, 1849, måleri av Lev Lagorio.

Isdrift (også kala ishandel eller istrafikk) er aktivitetar for å skaffe is av ferskvatn til bruk ved kjøling, særleg av ferske matvarer. Knust is vart og blir brukt til kjøling av mellom anna fisk. Isblokker vart tidlegare brukt som kjøleelement i isskåp, ein forløpar til vår tids kjøleskåp. Med nøye lagring i eigne ishus kunne isblokkene halde seg heile sommaren.[1] I tillegg til å skjære frå naturlege innsjøar og dammar, vart det bygd steindammar på høvelege stader for å samle opp vatn og få størst mogleg produksjon. Slike isdammar vart ofte lagt nær kysten for å lette omlasting til skip for eksport. Nokre eksempel på slike dammar er ved RefsnesFosen ved Trondheimsfjorden, nord for Moss sentrum og ved Vollen i Asker.

Isdrift kravde stor arbeidsinnsats både frå folk og hestar i dei tidlege års. I dei tre hereda Solum, Eidanger og Bamble hadde nesten 1300 mann arbeid i 20–25 veker vinteren 1895–96. Dei skar 125 000 tonn is. Rundt Oslofjorden var det og stor isverksemd. Noregs iseksport nådde ein topp i 1898 med samla eksport på 500 000 tonn, og Noreg var med det verdas største eksportør av is. Handelen spela ei mindre rolle frå tida omkring første verdskrigen då industrielt framstilt is vart vanleg og det vart heilt slutt med ishandel då kjøleskåp og frysarar vart vanleg etter andre verdskrigen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vi Menn - Vitenskap og historie nr 1, 2012.
  2. Vi Menn - Vitenskap og historie nr 1, 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]